Stjertbergkall
Utsjånad
Stjertbergkall | |
Stjertbergkall | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: ![]() ![]() Utbreiinga av Stjertbergkall | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Omnfuglar Furnariidae |
Slekt: | Bergkallar Cinclodes |
Art: | Stjertbergkall C. pabsti |
Vitskapleg namn | |
Cinclodes pabsti |
Stjertbergkall (Cinclodes pabsti) er ein sporvefugl i omnfuglfamilien som lever i søraustlege Brasil.
Stjertbergkallen er ein bergkall på 21–22 cm med relativt langt nebb. Undersida er lys gråbrun, oversida mørkare. Strupeområdet er lyst og han har ei markert lys augebrynstripe. Stjerten er lang og mørk brun. Lætet er ei langvarig trille som aukar i styrke.
Denne fuglen er endemisk for eit avgrensa og område i delstatane Santa Catarina og Rio Grande do Sul i sørlegste Brasil. Habitatet for arten er variert, nær vatn på opne område.
Arten er vurdert som nær truga, populasjonen er ikkje estimert, men er trudd å vere minkande. Habitatet blir øydelagt av skogplanting på grasmarker, turisme, gruvedrift og husdyrhald.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Remsen, Jr., J. V.; Kirwan, G. M. (2020). del Hoyo, J.; Elliott, A.; Sargatal, J.; Christie, D. A.; de Juana, E., red. «Long-tailed Cinclodes (Cinclodes pabsti), version 1.0». Birds of the World Online. Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY. doi:10.2173/bow.lotcin1.01.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Bilete av stjertbergkall, Flickr.com
- (no) Stjertbergkall hos Artsdatabanken
- (en) Stjertbergkall i Encyclopedia of Life
- (en) Stjertbergkall i Global Biodiversity Information Facility
- (en) Stjertbergkall hos ITIS
- (en) Stjertbergkall hos NCBI
- (en) Kategori:Cinclodes pabsti – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Cinclodes pabsti – detaljert informasjon på Wikispecies