Stoa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Zenon frå Kition, grunnleggaren av stoa

Stoa (Stoisk filosofi, stoisisme) er ei filosofiretning grunnlagd av Zenon frå Kition rundt 300 f.Kr. Stoisismen er ei av dei viktigaste og mest varande tankeretningane frå den greske og romerske antikken[1] og har fått ein renessanse i moderne sjølvhjelp-litteratur.

Kjernepunktet i stoisismen er at den kunnskapsrike og vise møter alle hendingar i livet med uforstyrra ro og lever etter sine dygdsideal i både opp- og nedgangstider.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Stoa vert til vanleg delt inn i tre fasar:[2]

  • Eldre stoa (300–150 f.Kr.): Namnet kjem av at grunnleggaren Zenon samla elevane sine i stoa poikilê («den fargerike søylehallen») på agoraen i Aten. Etter Zenon leia den mindre betydelege Kleanthes frå Assos stoa, medan eleven hans, logikaren Krysippos frå Soloi, utvikla Zenons grunnprinsipp og vert rekna som den andre grunnleggaren. Krysippos skreiv over 165 verk, men ikkje anna enn fragment er bevart av dei verka filosofane frå eldre stoa skreiv.[3]
  • Mellomstoa (150–50 f.Kr.): Panaitios flykta til Roma og gjorde læra kjent der. I Roma var òg Posidonius, ein ven av Cicero. Cicero var ikkje stoikar, men er ei av dei beste indirekte kjeldene til tidleg stoisisme.

Lære[endre | endre wikiteksten]

Stoikarane delte filosofien i dei tre hovudemna (topoi) etikk, naturfilosofi og logikk. Etikk forsto dei som studiet av korleis livet best kan levast. Naturfilosofien besto av naturvitskap og metafysikk, og logikken var ein kombinasjon av moderne logikk, epistemologi, språkfilosofi og kognitiv vitskap. Filosofien var meint brukt på kvardagslivet, og for det formålet var studiet av etikken det grunnleggande elementet, medan naturfilosofien og logikken var å sjå som støttevitskapar.[2]

Viktige stoiske dygder var visdom, mot, rettvise og måtehald, medan hjarteløyse (crudelita) og medkjensle (misericordia) vart rekna som laster. Sistnemde kan verka overraskande, men kjem av at stoikarane unngjekk emosjonar.[3] Dygdene var det einaste gode, lastene det einaste vonde, medan alt anna var likesæle fenomen (adiáphora). Rett nok har nokre adiafora positive forteikn, til dømes god helse, rikdom og utdaning, medan sjukdom, fattigdom og fåkunne er døme på negativt lada adiafora (apaxia).[5]

Dei antikke stoikarane hevda at det einaste ein treng for å oppnå eit lukkeleg liv er å leve dygdefullt og unngå lastene. Stoa er ei dygdsetisk retning og tilhengarane tolka dygdsetikken ekstremt i den forstand at utøving av dygdene (askêsis) ikkje berre er naudsynt, men òg tilstrekkeleg for å oppnå ein tilstand av eudaimonia («lukke» eller «bløming»). Det er verd å merke seg at for stoikarane var ikkje lukke ei flyktig kjensle, men den uforstyrra sjeleroa som følgde av eit godt levd liv.[5]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Scott Rubarth: «Stoic Philosophy of Mind» i Internet Encyclopedia of Philosophy
  2. 2,0 2,1 Massimo Pigliucci: «Stoicism» i Internet Encyclopedia of Philosophy
  3. 3,0 3,1 Melissa Lane: «Ancient Political Philosophy, 5.3 Stoicism» i Edward N. Zalta (red.): Stanford Encyclopedia of Philosophy, Winter 2018 Edition.
  4. Dirk Baltzly: «Stoicism» i Edward N. Zalta (red.): Stanford Encyclopedia of Philosophy, Spring 2019 Edition
  5. 5,0 5,1 Richard Parry: «Ancient Ethical Theory, 8. Stoics» i Edward N. Zalta (red.): Stanford Encyclopedia of Philosophy, Fall 2014 Edition.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • T. Brennan: The Stoic Life, 2005 Oxford: Oxford University Press
  • B. Inwood: The Cambridge Companion to the Stoics, 2003 Cambridge: Cambridge University Press.
  • R. Nickel: Stoa und Stoiker. Auswahl der Fragmente und Zeugnisse, 2 bind. 2009 Dusseldorf: Artemis und Winkler
  • J. Sellars: The Routledge Companion to the Stoic Tradition, 2016 London: Routledge.