Stockholm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Stockholm
Horisonten til Stockholm
Styresmakter
Land
Sverige
Først nemnd 1252
Borgarmeister Karin Wanngård Edit this on Wikidata
Geografi
Innbyggjarar[1][2][3]
 - By (2014)

952,058
Koordinatar 59°19′46″N 18°4′7″EKoordinatar: 59°19′46″N 18°4′7″E

Stockholm (latin Holmia) er hovudstaden i Sverige og administrasjonssenter i Stockholms kommun. Byen ligg ved innsjøen Mälaren sitt utløp i Østersjøen i landskapa Uppland og Södermanland, Stockholms län. Stockholm vert utgjort av 14 øyar og holmar. Dei er bundne saman av i alt 53 bruer. Aust for byen tek skjergarden til. Dei sentrale bydelane har rundt 952 000 innbyggjarar.[1] I Stockholms län bur i alt 2 269 000 menneske.[treng kjelde]

Utstrekning[endre | endre wikiteksten]

Kart over Stockholm frå 1888.

Stockholm er den største tettstaden i landet både i areal og folketal, og den som strekkjer seg over flest kommunar. Tettstaden omfattar byen Stockholm og mesteparten av byen sin forstader. Sidan SCB sin definisjon av ein tettstad seier at avstanden mellom busetnad skal vere maksimalt 200 meter, fell einskilde relativt nærliggande område utanfor, og utgjer i staden eigne tettstader. Døme på dette er busetnaden i Lidingö og Hästhagen i Nacka.

Tettstaden har vekse fram gjennom lang tid ved at ny busetnad har kome til den eldre, og dessutan ved at tidlegare separate tettstader har vekse saman. Tettstaden Stockholm er ikkje det same som Storstockholm, som er eit større område.

Kommunefordeling[endre | endre wikiteksten]

Folkesetnaden i tettstaden på nesten 1,4 millionar personar fordelar seg som følgjer (avrundeda tal) på dei elleve kommunane heilt eller delvis inngår i tettstaden:

Kommune Areal (km²) Innbyggjartal (avrunda) Område som inngår i tettstaden Stockholm
Botkyrka 16,54 54 000 Norra Botkyrka og Tullinge
Danderyd 16,44 26 000 Alle tettbygde område unntatt Enebyberg
Haninge 21,81 45 000 Handen, Brandbergen og Gudö-Vein delsö
Huddinge 45,46 95 000 Alle tettbygde område unntatt Vidja og Gladö kvarn
Järfälla 24,96 66 000 Alle tettbygde område
Nacka 11,45 33 000 Sicklaön
Sollentuna 23,70 60 000 Alle tettbygde område unntatt Sjöberg
Solna 18,15 68 000 heile kommunen
Stockholm 172,05 848 000 heile kommunen
Sundbyberg 6,75 38 000 heile kommunen
Tyresö 17,95 39 000 Bollmora og Trollbäcken

Historie[endre | endre wikiteksten]

Stockholmsområdet rundt 3000 f.Kr.
Illustrasjon av historiske vassnivå i Stockholmstrakta ved hjelp av Västerbron

Namnet Stockholm vart nemnd skriftleg fyrste gong i 1252. Byen vart grunnlagd på den såkalla Stadsholmen av Birger Jarl mellom anna for å hindre framande krigsskip frå å rette åtak mot Sigtuna og andre byar ved Mälaren. Til vern av sjølve byen lét Birger Jarl byggje eit 25 meter høgt tårn som saman med ein 3,5 meter tjukk bymur danna Stockholm sitt forsvarsverk. Stockholm tok til å vekse i perioden 1260-1280. Handelen med tyske byar på austersjøkysten vart intensifisert; dette gjaldt særleg samkvemet med Lübeck. Handelen førte til innvandring av mellom anna finnar og tyske kjøpmenn, noko som påverka livet i Stockholm kulturelt, sosialt og språkleg. Ein reknar med, at tredje kvar innbyggjar på 1400-talet opphavleg kom frå Tyskland. Med seg tok dei tyske byggjeskikkar. Etter kvart begynte Stockholm til å likne på ein tysk småby. Med byen sin vokster vart planlegging naudsynt. I bylova frå 1350 vart gatene regulert; dei måtte minimum vere åtte alna (om lag 5 meter)breidde, slik at ein kunne passere òg til hest. I praksis vart det annleis: det smalaste smuget, Mårten Trotzigs gränd, måler berre 0,90 meter. Gatene som utvikla seg fekk ofte namn etter kva arbeidsfolk som budde der: Skomakargatan, Skräddargränd, Yxsmedsgränd o.s.b. På 1400-talet utvikla Stockholm seg til ein viktig handelsby med om lag 5-6000 innbyggjarar. Slaget ved Brunkeberg den 10. oktober 1471 og Stockholms blodbad den 8. november 1520 var to avgjerande hendingar for byen. Det viktigaste politiske og økonomiske sentrum i Sverige vart Stockholm på 1500-talet, etter at Gustav Vasa vart konge og Sverige hadde rive seg laus frå Kalmarunionen. På 1600-talet voks Sverige til ein stormakt i Nordeuropa, noko som førte til at byen sitt folketal seksdobla seg mellom 1610 og 1680. I 1634 vart Stockholm offisielt hovudstad i Sverige.

31. desember 2010 var folkesetnaden 1 372 565 med eit areal på 381,71 kvadratkilometer. Dette gjev ein folketettleik på 3596 innbyggjarar/km².

Tettstadsavgrensninger vert utført av SCB, Sveriges statistiske sentralbyrå, kvart femte år.

Øyar og holmar i Stockholm[endre | endre wikiteksten]

Flyplassar[endre | endre wikiteksten]

Nærliggande flyplassar utanfor tettstaden som tener Stockholm:

Kollektivtrafik[endre | endre wikiteksten]

Kollektivtrafikken i Stockholm inngår som ein integrert del av AB Storstockholms Lokaltrafik.

Undergrunnsbanen[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Stockholms tunnelbane.

Den einaste tunnelbanen i Stockholm (og Sverige) er ei stor og særs viktig kommunikasjonslei for innbyggjarane i Stockholm. Heile banen ligg innanfor tettstaden. Lengda på tunnelbanen i Stockholm er den 13. lengste i verda. Han er dermed den største i forhold til folkemengda i byen han tener. Han har 110 km sporlengd og 100 stasjonar, fordelt på tre linjer (grøn, raud og blå).

Tunnelbanetog i Stockholm.

Verdt å sjå[endre | endre wikiteksten]

Utdanning; Styresmakter[endre | endre wikiteksten]

Ingen andre tettstader i Sverige har fleire studentar. Følgjande høgskular og universitet har verksemd i Stockholm:

Styresmakter

Borgarmeister (2018) er Karin Wanngård.

Tilnamn[endre | endre wikiteksten]

Stockholm har tilnamn eller kjælenamn, t.d. «Eken», «Europas Pärla», «Fjollträsk», «Kungsbudane», «Mälardrottningen», «Noll-åtta», «Nordens Venezia», «Tjockhult», «Sveriges baksida» og «Z'Ha'Dum».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikidata-oppslag av relevans[endre | endre wikiteksten]


Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Stockholm
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.