Stokkand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stokkand
Stokkandhann
Stokkandhann
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig[1]Utbreiinga av stokkand
Utbreiinga av stokkand
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Andefuglar Anseriformes
Overfamilie: Anatoidea
Familie: Andefamilien Anatidae
Underfamilie: Anatinae
Slekt: Anas
Art: Stokkand A. platyrhynchos
Vitskapleg namn
Anas platyrhynchos

Stokkand (Anas platyrhynchos) er den største av grasendene i Noreg og er ogso den vanlegaste.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Ein vaksen andrik vert om lag 1,5 kg og er 50–65 cm lang med eit vengespenn på 81–98 cm. Hoa er litt mindre med sine 1,3 kg. Hoa har lysebrunt nebb med enkelte mørke sjatteringar, medan andriken har einsfarga grøngult nebb. Vengene til stokkanda har eit karakteristisk blått område med kvite band framfor og bak. Andriken skiftar utsende og frå november til mai har han praktdrakt med eit skinande grønt hovud.

Forvekslingsart[endre | endre wikiteksten]

Eit stokkandpar.

Stokkanda kan forvekslast med fleire andre grasender, slik som skeiand, stjertand og brunnakke. Skeianda har eit kraftig nebb og eit blått felt fremst på vengen, denne er også betydeleg mindre enn stokkanda. Stjertanda er slankare og har ein lengre hals enn stokkanda. Brunnakken er betydeleg mindre og har eit kvitt felt på oversida av vengen.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Stokkanda er vanleg i heile Noreg. Ho er veldig tilpassingsdyktig og held til frå skjergarden og heilt opp til vierregionen.[2] Arten er jaktbar og årleg vert det felt om lag 50 000 stokkender.

Stokkandegg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Stokke BG, Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R og Strøm H (24. november 2021). «Fugler: Vurdering av stokkand Anas platyrhynchos for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 13. mars 2022. 
  2. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 13. mars 2022. Henta 13. mars 2022. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]