Stokkebåt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Stokkebåten)
Stokkebåt funnen i Bourg-Charente i Frankrike, datert til cirka 3500–3000 f.Kr.
Havgåande stokkebåtkano
Stokkebåt med segl i Benin.

Stokkebåt er ein båt laga av ein uthola trestamme, som oftast ein kanoliknande farkost. Konstruksjonsmetoden er grunnleggjande og har truleg vore kjent gjennom mange tusen år i store deler av verda. Han vert difor gjerne definert som sjølve urbåten.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Stokkebåten har eksistert og vore i bruk gjennom tusen av år og heilt fram til våre dagar. I ikkje-industrialiserte delar av verda vert det enno laga og brukt nye stokkebåter mange stader. I Norden blei det truleg laga stokkebåter til langt inn på 1900-talet.

Den eldste båten i verda er Pessebåten, ein stokkebåt funnen i Nederland. Han er omkring 10 000 år gammal. Også i Norden er stokkebåtene dei første farkostane ein kjenner til. I Danmark er det funne ei rekkje stokkebåter, tre av dei omkring 6 000 år gamle. Desse var laga av lind og padleårene av ask.

Det er òg funne fleire stokkebåtar i Noreg, men berre eit fåtall av dei er blitt datert. Den eldste båten funne i Noreg er Sørumbåten, ein cirka 2 200 år gammal stokkebåt. Han var omkring 11 meter lang. I snitt mæler likevel norske stokkebåter berre omkring 4,5 meter. I Noreg var stokkebåtane som regel lagaav furu, men både Sørumbåten og Siljanbåten (som er den nest eldste båten som er funnen i Noreg) var gjort av eik. Nokre av dei norske funna har dessutan spor etter utriggar.

Eldre stokkbåtfunn viser spor etter å ha vorte uthola med steinøks. Det er ikkje funn som tyder på bruk av eld.

Dei fleste funn av stokkebåtar er ikkje så gamle. Nokre er frå vikingtid og mellomalderen. Fleire er frå 1600-1700 talet. Dette vert sett i samanhang medd innvandring frå Finland på denne tida. I Finland var det rik tradisjon for bruk av stokkebåtar.

Utspent stokkebåt[endre | endre wikiteksten]

Utspent stokkebåt er ein særskild type stokkebåt, som vi veit har vorte bygd i Finland, Russland og delar av Baltikum. Tradisjonen har vore levande til det siste. Nyare funn tyder på at området kan ha vore større. Det ser ut som det helst har vorte brukt lettare treslag som osp og poppel til slike båtar. Fleire av desse stokkebåtane er så gamle at arbeidet må ha vore utført med steinreiskapar. Først vert stokken uthola med steinøks. Men holinga er mykje smalare enn på den ferdige stokkebåten. Fasongen kan samanliknast med ein ertebelg.

Den ferdig uthola stokkebåten vert utspent ved hjelp av varme. Han vert då breiare, og får ein fasong som minner om klinkerbygde nordiske båtar. På grunn av denne likskapen ver den utspente stokkebåten sett på som ein forgangar til den klinka båten. Men det er ikkje funne arkeologiske prov som støttar denne teorien

Den utspente stokkebåten har gjerne tverrtre for å halde på fasongen. Ein finn og døme på innlagde band, som er surra på liknande vis som på skalbåtar med fleire bord.

Daterte stokkebåtar[endre | endre wikiteksten]

Norske stokkebåtar[endre | endre wikiteksten]

  • Sørumbåten, Sørum, Akershus cirka 170 f.Kr.
  • Siljanbåten, Siljan, Telemark 170-310 e.Kr.
  • Øynavatnet I, Froland, Aust-Agder 650-980 e.Kr.
  • Øynavatnet II, Froland, Aust-Agder 650-1010 e.Kr.
  • Grevsjøen, Oppland 690-1020 e.Kr.
  • Topsæ, Aust-Agder 700-1030 e.Kr.
  • Gjerstad, Aust-Agder 710-850 e.Kr.
  • Haukasmyra, Stange, Hedmark 730-890 e.Kr.
  • Tunhovdfjorden, Nore og Uvdal, Buskerud 780-1040 e.Kr.
  • Lytingsvatnet, Nissedal, Telemark 890-1140 e.Kr.
  • Haukomvatnet I, Birkenes, Aust-Agder 900-1160 e.Kr.
  • Ulvemyrtjernet, Sande, Vestfold 1000-1100
  • Mjålandsvatnet I, Froland, Aust-Agder 1020-1180
  • Buvatn, Nes, Buskerud 1030-1180
  • Mjålandsvatnet II, Froland, Aust-Agder 1030-1390
  • Skiftastjønn, Telemark 1030-1420
  • Søndre Myrvatn, Rogaland 1040-1250
  • Stora Myrvatn, Rogaland 1130-1400
  • Gjersjøen, Oppegård, Akershus 1160-1290
  • Røyrås, Songdalen, Vest-Agder 1280-1430
  • Steinsvatn, Aust-Agder 1270-1400
  • Olandsheiene, Aust-Agder 1270-1450
  • Skrøvlingen, Kongsvinger, Hedmark 1280-1440
  • Vannen, Hemsedal, Buskerud 1280-1610
  • Haukomvatnet II, Aust-Agder 1300-1430
  • Sætertjern, Aremark, Østfold 1330-1620
  • Heggland, Tvedestrand, Aust-Agder 1410-1660
  • Lille Ulevann, Rødene sine, Østfold 1440-1640
  • Haukomvatnet III, Aust-Agder 1440-1670
  • Igletjern, Aremark, Østfold 1440-1950
  • Kilen, Aremark, Østfold 1450-1950
  • Sandungen, Hurum, Buskerud 1490-1950
  • Rakkestad, Østfold 1490-1950
  • Kroktjern, Aremark, Østfold 1640-1950
  • Saurdalsvatnet, Froland, Aust-Agder 1640-1950

Danske stokkebåtar[endre | endre wikiteksten]

  • Tybrind Vig I ca. 4000 f.Kr.
  • Tybrind Vig II ca. 4000 f.Kr.
  • Tybrind Vig III ca. 4000 f.Kr.
  • Fyns Hoved, nordøstlige Fyn 3500 f.Kr.
  • Slusegård I, Bornholm ca. 200 e.Kr.
  • Slusegård II, Bornholm ca. 200 e.Kr.
  • Bjedstrup-båten, Midt-Jylland 200-300 e.Kr.
  • Mossø, Jylland 440-520 e.Kr.
  • Aggersund-båten, Limfjorden ca. 1300 e.Kr.
  • Knobskipet i Birksø 1601-1621 e.Kr.

Svenske stokkebåtar[endre | endre wikiteksten]

  • Tappnäs i Södermanland ca. 1500-500 f.Kr.
  • Frösundabåten i indre Sverige, ca. 1300 f.Kr.
  • Fiskebybåten utanfor Hudiksvall 800-500 f.Kr.
  • Låssbybåten på Hisingen ved Gøteborg 500 f.Kr.
  • Björkebåten 500-talet e.Kr.
  • Skinnskatteberg, indre Sverige 700-800 e.Kr.
  • Stockbåten ur djupet utanfor Öland 1000-1250 c

Britiske stokkebåtar[endre | endre wikiteksten]

  • St. Albans stokkebåt, St Albans, Herts, England ca. 4000 f.Kr.
  • Turriff-båten, Skottland 1770-1670 f.Kr.
  • Chetwynd-båten, River Meese, Shropshire, England ca. 1275 f.Kr.
  • Shardlowbåten, Derbyshire, England 1300-1200 f.Kr.
  • Briggbåten (øydelagt i 1942 under flyangrep, var 14,8 m langt) 1000 f.Kr.
  • Lough Lene-båten år 1 f.Kr.til 1 e.Kr.

Andre europeiske stokkebåtar[endre | endre wikiteksten]

  • Pessebåten, Nederland 8040-7510 f.Kr.
  • Dümmerlohhausen, Tyskland
  • Hardinxveld-Giessendambåten, Nederland 5000 f.Kr.
  • Sozopol, Bulgaria 4000 f.Kr.
  • Lac dei Chalairn-båten, Jura, Frankrike ca. 3000 f.Kr.
  • Bercy, Frankrike
  • Nogen-sur-Seine, Frankrike
  • Twann, Sveits
  • Erlach, Sveits (nyleg funn) 1553 f.Kr.
  • Lecker Òg-båten i Lecker Creek, Schleswig-Holstein, Tyskland 116-204 e.Kr.
  • Federsee i Württemberg, Tyskland
  • Robenhausen, Sveits
  • Cudrefin, Sveits

Båttypar som oppstod frå stokkebåten[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]