Stolpehol

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Stolpehol er ein arkeologisk nemning på funn av spor og eventuelle restar i grunnen etter stolpar som har vore sett opp i gamal tid, men seinare har vorte fjerna, brent eller har rotna vekk.

Rekonstruksjon av grunnplanen til eit dansk hus frå overgangen frå bronsealder til eldre jarnalder på grunnlag av stolpehol og andre spor i undergrunnen etter at laget av mold var fjerna. Stolpehola er markert på teikninga som svarte flekkar.
Stolpehola som kom for dagen under ei arkeologisk utgraving av ein gamal gard på Epse-Noord i nærleiken av Deventer i Nederland.

Særleg vert nemninga stolpehol nytta om spor etter stolpar som er plassert slik i høve til kvarandre at dei vitnar om å ha vore delar av bygningar eller andre konstruksjonar, til dømes stolpar som har halde taket i eit hus oppe. Saman med eventuelle andre spor, kan stolpehola då gje grunnlag for å freiste rekonstruere grunnplanen for bygningen eller konstruksjonen, eventuelt òg gje indikasjonar på korleis han har sett ut over jorda, og kva han har vore nytta til. Av di det ikkje står att bygningar frå førhistorisk tid i Norden, må kunnskapen om byggeskikken, busettinga og levemåten i tidlegare tider baserast på sparsame arkeologiske funn, mellom anna kva dei etter måten mange funna av stolpehol kan gje opplysningar om.

Jorda etter dei vekkrotna, nedbrente eller fjerna stolpane har vanlegvis ein annan farge enn jordmassane elles på arealet, etter at det øvste jordlaget, molda eller åkerjorda, er fjerna. Stolpehola står då fram som flekkar av avvikande farge og eventuelt konsistens i høve til undergrunnen ikring dei. Dersom ein skoning av stein har vore nytta til å halde stolpen oppe, kan dette òg markere stolpeholet, og det same kan trekol i stolpeholet etter brann i bygningen eller som fylgje av at enden på stolpen har vorte svidd for å hindre råte. Ofte vert det nytta gravmaskin for å få fjerna det øvste jordlaget over større flater (sokalla maskinell flateavdekking), slik at dei mønstra som stolpehola eventuelt dannar, kjem fram.

Stolpehol er òg grove fram under ståande kyrkjer frå mellomalderen, og vert då gjerne tolka som spor etter sokalla stolpekyrkjer, som er nemninga på stavkyrkjer der stavane eller stolpane har vore sett ned i jorda, istaden for å ha vore sett på ei treramme på eit fundament av stein, slik som det er gjort i alle dei eksisterande stavkyrkjene her i landet. Det er òg funne stolpespor og andre spor etter heidne bygninger eller konstuksjonar under golvet på mellomalderkyrkjer.

Ved utgraving av stolpehola kan ein i lukkelege høve finne gjenstandar eller restar av gjenstandar som har vorte lagt medvitent i stolpeholet i samband med bygginga av huset, eller som har kome nedi ved eit tilfelle medan huset var i bruk eller stod til nedfalls. Til dømes vart det funne «gullgubbar» (relieffbilete i gullblikk, store som neglen på ein tommelfingar) i stolpehol etter ein heiden konstruksjon under mellomalderkyrkja på Mære i Trøndelag, og i stolpehol etter ei stor vikingtidsbygningBorg på nordsida av Vestvågøya i Vestvågøy kommune i Lofoten.

Dersom det er trekol i stolpehola, kan ein finne ut kva slags tre det er, og tidsrommet då treet vart felt kan fastsetjast ved radiologisk tidfesting. Pollen og anna materiale som finnast i stolpehola vil kunne gje opplysningar om kva huset har vore nytta til, og soleis òg fortelje litt om dei menneska som har halde til der.