Stone Free

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Stone Free
Singel av The Jimi Hendrix Experience
A-side «Hey Joe»
Utgjeve 16. desember 1966
Innspelt 2. november 1966
Sjanger Hardrock, psykedelisk rock
Lengd 3:35
Selskap Track
Låtskrivar(ar) Jimi Hendrix
Produsent Chas Chandler
Stone Free
Singel av The Jimi Hendrix Experience
B-side «If 6 Was 9»
Utgjeve 15. september 1969
Innspelt 2. november 1966, i De Lane Lea Studios i London
Sjanger Hardrock, psykedelisk rock
Lengd 3:35
Selskap Reprise
Låtskrivar(ar) Jimi Hendrix
Produsent Chas Chandler
The Jimi Hendrix Experience-kronologi
«Crosstown Traffic»
(1969)
Stone Free "Fire"
(1969)


«Stone Free» er ein song av Jimi Hendrix, den første songen han skreiv.[1] The Jimi Hendrix Experience gav først songen ut i desember 1966 som B-sida til den første singelen til Hendrix, «Hey Joe». I desember 1969 vart «Stone Free» gjeven ut som singel i USA med «If 6 Was 9» som B-side.

Songen er ein av få songar av Hendrix spelt i standard stemming.[1] Han vart skriven på ein kveld, visstnok inspirert av ein jam i London. Basslinja liknar Mar-Keys-songen «Philly Dog».[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

«Stone Free» vart spelt inn etter the Experience hadde signer med Track Records, og vart betalt for innspelinga av Track på førehand. Kit Lambert og Chris Stamp frå Track hadde arrangert for at selskapet skulle vere «lagt under» Polydor Records, som distribuerte utgjevinga deira. Han vart spelt inn i De Lane Lea Studios den 2. november 1966, og vart raskt populær som ein «hymne for motrørsla» med tekst av Hendrix som omhandlar ein rastlaus levemåte.[3]

Songen vart mykje spelt på konsertane til Hendrix og endra gradvis form og vart lausare og lengre. Inspirert av ein lang, kjend framføring i Royal Albert Hall i februar 1969[4] spelte Hendrix inn songen på ny i april same året[5]Record Plant.[6]

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Supergrass spelt inn ein versjon av songen som finst på singel og visse vinylutgåve av debutalbumet I Should Coco.

Stone Free: A Tribute to Jimi Hendrix var namnet på eit hyllestalbum for Jimi Hendrix frå 1993.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Johnson, Chad (2006). Jimi Hendrix, Volume 2. Hal Leonard. s. 97–101. ISBN 9780634077722. 
  2. Roby, Steven (2002). Black gold: the lost archives of Jimi Hendrix. Watson-Guptill. s. 61. ISBN 9780823078547. 
  3. Shadwick, Keith (2003). Jimi Hendrix, musician. Hal Leonard. s. 89–90. ISBN 9780879307646. 
  4. Shadwich, Keith (2003). Jimi Hendrix, musician. Hal Leonard. s. 175. ISBN 9780879307646. 
  5. Doggett, Peter (9781844494248). Jimi Hendrix: the complete guide to his music. Omnibus. s. 116. ISBN 9781844494248. 
  6. Geldeart, Gary; Steve Rodham (2007). Jimi Hendrix - the Studio Log: A Complete Chronological Guide to Jimi Hendrix's Studio Recording Sessions. Jimpress. s. 73. ISBN 9780952768647. Henta 16. mars 2011.  Cite uses deprecated parameter |coauthors= (hjelp)