Stongfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 61°25′43.216″N 5°10′1.3800″E

Stongfjorden ca. 1910.
Foto: Paul Stang
Utsikt utover Stongfjorden frå ein fjelltopp
Foto: Paul Stang

Stongfjorden er ein fjord i Askvoll kommune i Sogn og Fjordane fylke med ei lengd på 9 km. Han strekkjer seg nordaustover inn til Stongfjorden og har ein sidefjord kalla Eidsfjorden.

Fjorden har innløp mellom Råneset på Stavenesodden i nord og Sanden i sør. Det ligg fleire gardar langs fjordsidene. På sørsida ligg Folvåg, Størdal og Stavsnes, og på nordsida ligg Mjåset, Stubseid, Yndestad og Stong.

Fylkesveg 363 går på nordsida av fjorden, medan Fylkesveg 609 går på sørsida frå austsida av Eidsfjorden.