Stopulen i Høyanger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stopulen sett frå båthavna i Høyanger

Stopulen i Høyanger kommune, også kalla «Ståpelen», er eit fjellparti med form som ein pillar. Toppen ligg 477 meter over havet og har god utsikt over Høyanger.

«Stopul» tyder låseplugg,  eller av verbet 'å leggje opp' eller avleia av ordet «Kyrkjestopul» som er synonym til klokketårn.

Stopulen har foten i Stangurda og ligg mellom Latebladgjelet og Kakkarhammeren, også kalla Klumphammaren.

Bergvolumet er rekna til 12 millionar kubikkmeter og har potensiale for steinras. I åra 1933 til 1935 vart det utført sikringsarbeid i Styggebotnen over Stopulen.  Det vart mellom anna støypt og mura i elva for å leie vatnet vekk frå sprekkar i bakkant av Stopulen.  Ein målebolt viser at det ikkje var bevegelse mellom 1935 og 2005. Norges Geologiske Undersøkelse tilrådde i 2005 vidare overvaking.[1]

Eit segn seier at den dagen det kjem tårn på kyrkja i Høyanger skal Stopulen siga i fjorden og Høyanger øydast i flodbølgjer. Kyrkjetårnet kom i 1960, men Stopulen står.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]