Stor-London

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Stor-London
London
Stor-London i England
Geografi
Status Region og seremonielt grevskap
Areal 1 572 km²
Demografi
Folketal
— Totalt
— Folketettleik

7 512 400
4 778,9 /km²
BIN per innbyggjarar £30 385 (1.)
Styre
Adm. senter City Hall i London i London
Nettstad

Stor-London (engelsk Greater London) er ein region og eit seremonielt grevskap i England. Regionen inkluderer hovudstaden i Storbritannia, London, men òg fleire byar utanfor sjølve London slik byen historisk har vore definert. City of London er eit eige grevskap, men er ein del av regionen Stor-London.

Sidan 2000 har Stor-London blitt administrert av styresmaktene i Stor-London (Greater London Authority), og har i tillegg til ei folkevalt forsamling, Londonforsamlinga, ein direktevalt borgarmeister.

Statusen avvik frå norma, då ein skulle forvente at Stor-London berre var eit administrativt grevskap; i staden blei det også gjort til ein eigen region. Bakgrunnen for dette er at det ville vere komplisert å ha London med i ein region saman med område som låg for langt utanfor byen, og ein ønskte å inkludere City of London i eininga.