Stor kjellaredderkopp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stor kjellaredderkopp
Stor kjellaredderkopp
Stor kjellaredderkopp
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Chelicerata
Klasse: Edderkoppdyr Arachnida
Orden: Edderkoppar Araneae
Familie: Tetragnathidae
Slekt: Meta
Art: Stor kjellaredderkopp M. menardi
Vitskapleg namn
Meta menardi

Stor kjellaredderkopp (Meta menardi) er ein edderkoppart i familien kjeveedderkoppar. Hoer kan ha ei lengd på opptil 17 mm, medan hannar kan bli opptil 12 mm.[1] Arten finst i Eurasia og Nord-Afrika. Vaksne dyr lever på mørke stader som holer, tunnelar og kjellarar.[1]

Artane i slekta Meta liknar kvarandre i stor grad, men med varierande fargar, sjølv om einskilde kan ha artstypiske flekkar (mønster). For å vere trygg på kva art det er tale om, er ein ofte nøydd til å undersøkje kjønnsorgana til dei kjønnsmogne individa; hjå hoene [kalla] egpigynet, hjå hannane siste leddet av pedipalpane. I Noreg finst berre Meta menardi (av Meta-slekta), så å avgjere kva art det er tale om er normalt ikkje noko problem. Lengre sør i Europa finst den nærskylde Meta bourneti.

Kjellaredderkoppen held til på mørke, litt fuktige stader som grotter, holer, tunnelar, kloakkleidningar, kjellarar, kummar og liknande. Dei kan vere svært talrike, og ofte dannar dei store koloniar, dersom dei trivst. Kjellaredderkoppar er relativt treige og bevegar seg sakte. Dei leiter ofte etter ein eigna stad å etablere seg.

Ein myte seier at kjellaredderkoppar kan ta livet av menneske, men dette er ikkje rett.[1] Han kan verke farleg på grunn av storleiken og kan bite, men eit bitt kjem knapt gjennom huda til eit menneske. Gifta har heller ingen verknad på menneske.

Stor kjellaredderkopp i ein bunker.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Morka, Glenn Halvor. «Kjeveedderkopper», edderkopper.net. Henta 11. oktober 2015.