Stor kortvengjebukk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stor kortvengjebukk


Stor kortvengjebukk
Stor kortvengjebukk er ei slank bille som stundom vert forveksla med kvefsar

Systematikk
Rekkje: Arthropoda
Underrekkje: Hexapoda
Klasse: Insecta
Orden: Coleoptera
Familie: Cerambycidae
Slekt: Necydalis
Vitskapleg namn
Necydalis major

Stor kortvengjebukk (Necydalis major) er ei bille i trebukkfamilien. Han er Noregs einaste art i underfamilien Necydalinae, og finst her langs kysten frå Aust-Agder til Troms. Elles er han å finna i tempererte og kjølige skogar frå Europa til Kina og kanskje Japan.

Norsk raudliste reknar den store kortvengjebukken som nær trua (NT). Dette har å gjera med at det fort kan bli vanskeleg for arten å finna egna trevirke å legga egg i.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Stor kortvengjebukk legg egga sine i daudt trevirke av lauvtre, i Noreg særleg osp og bjørk. Særleg føretrekk han brannskadd virke i soleksponerte område. Dei kan forekomma både i ståande stammar og i stubbar, så lenge virket er relativt tørt, daud og noko rote.

Larvane borar seg djupt inn i tømmeret for å gnaga. Forpuppinga skjer i yteveden i juni, og dei vaksne billene vert klekt i juni-august. Utviklingstida tek tre år eller meir.

Det hender dei vitjar blomar, men dette skjer berre unnataksvis. Dei lever elles særs kort som vaksne, og kan vera vanskelege å observera.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]