Hopp til innhald

Stor kubjølle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stor kubjølle
Stor kubjølle
Stor kubjølle
Status
Status i verda: NT Nær truga
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophytes
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Soleieordenen Ranunculales
Familie: Soleiefamilien Ranunculaceae
Slekt: Kubjølleslekta Pulsatilla
Art: Stor kubjølle P. vulgaris
Vitskapleg namn
Pulsatilla vulgaris

Stor kubjølle (Pulsatilla vulgaris) er ei fleirårig urt som tilhøyrer soleiefamilien.

Stor kubjølle er kjenneteikna av store, klokkeaktige fiolette blomar og finhåra stenglar og blad. Planten blømer i april og mai.

Arten blir vanlegvis 5 til 20 cm høg. Ved bløminga kan einskilde blomar sitja på toppen av ein 40 cm høg stilk.

Det underjordiske systemet til planten er av same type som hjå Limonium- og Plantago-artar, det vil seia ei langvarig pålerot som kan trenga over ein meter ned i jorda.

Dei små fruktene har ein lang, mjukhåra utvekst som gjer at frøa kan spreia seg vidt med vinden.

Når bløminga er over står stilken til kubjølle framleis stivt opp, og blir ikkje slapp og hengande.

Blomen er omslutta rundt befruktningsdelane og ikkje like open som hos andre nærskylde artar. Dette er fordi stor kubjølle har små honningkjertlar - dei ytste, krympa støvberarane - som sit skjult i botnen av den klokkeforma blomen. Dei dunlike fruktknoppane sit samla i ein liten oppståande klump.

Spreiinga av fruktene kan skje ved hjelp av to mekanismar:

  • Ved tørt vêr kan eit vindpust blåsa bort nokre mogne frukter frå klumpen dei sit i. Frukta, ei nøtt kan førast langt bort av vinden og falla ned på jorda eller på ein annan plante.
  • I fuktig vêr kan frukta sitja fast i pelsen på dyr som stryk forbi, og igjen blir ført langt avgarde før fruktene fell av.

Kromosomtalet er 2n = 32.

Stor kubjølle er verna i Sverige og i dei fleste av dei mellomeuropeiske landa der ho veks.[1]

Utbreiingsområdet til stor kubjølle omfattar delar av Vest- og Sentral-Europa.

I Sverige finst stor kubjølle i dei sørlege og mellomste delane av landet, til Uppland i nord. Planten finst ikkje naturleg i Noreg eller Finland, men det er gjort nokre funn av forvilla plantar i Noreg.[2]

I mange delar av utbreiingsområdet sitt er arten rekna som sjeldan eller truga, sjølv om han kan vera talrik lokalt på nokre stader.

Stor kubjølle blir òg dyrka som prydvekst i hagar.

I Brandenburg meinte ein at planten markerte ein stad der ein jeger hadde skote ei heks.

I Storbritannia fann ein at blomane ofte voks på gravhaugar. Ein trudde at kubjølla voks opp frå blodet til krigande romarar eller danskar som døydde i strid.

Gift og bruksområde

[endre | endre wikiteksten]

Planten er giftig. Beitande dyr lærar seg dette og held seg unna. Kanskje er det smaken som avskrekkar dei.[3]

I folkemedisinen er stor kubjølle blitt brukt i form av ein tinktur mot kikhoste, menstruasjonsvanskar, melankoli, åreknutar og diarré.

Tørka og pulverisert kubjølle kan nyttast som nysepulver for å kurera migrene.[4]

Aktive stoff:[5]

  • Ranunkulin C11 i blada og rot. Kan spaltast til glukose og protoanemonin.
  • Delphinididlukosid C21H21ClO12
  • Glukose
  • Kaempferol C15 i blada
  • Pelargodinglukosid
  • Protoanemonin. Ustabil, blir lett omdanna til anemonin.
  • Quercetin i blada
  • Saponin i rota
  • Tannin

Arten har vore brukt til plantefarging i lafg med alun og gjev ein grønfarge.

  1. «Backsippa Årets art 2005». Länsstyrelsen i Kronobergs län. 2. desember 2008. Arkivert frå originalen 24. mai 2012. Henta 25. april 2011.
  2. «Stor kubjølle | Artsdatabanken», artsdatabanken.no (på norsk bokmål), henta 6. april 2026
  3. Svenska Botaniska Föreningen Arkivert 8. mai 2018 på Wayback Machine.
  4. Franska wikipedia
  5. «Dr. Duke's Phytochemical and Ethnobotanical Databases». Arkivert frå originalen 21. oktober 2020. Henta 12. juni 2019.
  6. «Les anémones pulsatiles du Causse Noir». www.visit-aveyron.fr (på fransk). Henta 23. april 2024.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]