Stora Stokkavatnet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stora Stokkavatnet
innsjø
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Rogaland
Kommune Stavanger
Høgd over havet 11 moh.
Areal 2,19 km²
Middeldjupn 42 m
Øyar 1

Stora Stokkavatnet
58°57′52″ N 5°40′9″ E

Stora Stokkavatnet er eit innlandsvatn i Stavanger kommune i Rogaland fylke. Stora Stokkavatnet ligg i bydelane Madla, Tasta og Eiganes og Våland og er 2,19 km² stort - det største i Stavanger, følgd av Hålandsvatnet og Mosvatnet. Vatnet ligg 11 moh. og er 42 meter på det djupaste. Rett ved Stora Stokkavatnet ligg Litla Stokkavatnet (0,15 km² stort).

Turen rundt vatnet er 8240 meter lang. I vatnet ligg ein holme, Storeholmen.

Stora Stokkavatnet har to tydelege tilløpsbekkar i nord, Mississippibekken og Møllebekken. Møllebekken som kjem frå Litla Stokkavatnet er det største tilløpet. Utløpsbekken i sør renn ut i sjøen i Møllebukta i Hafrsfjord.

Stora Stokkavatnet er i dag reserve-drikkevasskjelde i byen. I perioden 19311959 var det byen sitt drikkevatn.