Storbyområdet Torino

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Storbyområdet Torino (Città Metropolitana di Torino)
fylke
Turin metropolitan area and susa valley from quadrivio raby.jpg
Land Flag of Italy.svg Italia
Region Piemonte
Hovudstad Torino
Areal 6 763,56 km²
Folketal 2 266 797 (2018[1])
Grunnlagd 8. april 2014
Wikimedia Commons: Metropolitan city of Turin

Storbyområdet Torino (italiensk Città Metropolitana di Torino) er eit av fjorten storbyområde i Italia og ligg i regionen Piemonte. Området blei vedteke oppretta 8. april 2014, og blei verksamt frå 1. januar 2015.[2] Det erstatta då den tidlegare provinsen Torino-provinsen.[3] Torino er den største kommunen og administrasjonssenter i storbyområdet.[3]

Storbyområdet Torino har 2 269 902 innbygjarar (2018) og omfattar 315 kommunar.[3]

Storbyområdet går frå Alpane og den franske grensa i vest, med grense til Valle d'Aosta i nord og provinsen Cuneo i sør. Gjennom landsdelen renn elva Po.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Città metropolitane». www.comuniverso.it. Henta 20. april 2019. 
  2. «Codici delle città metropolitane al 1° gennaio 2017». www.istat.it (italiensk). 16. januar 2015. Henta 21. april 2019. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Lima, Geir (12. september 2018). «Storbyområdet Torino». Store norske leksikon (på norsk).