Stord Venstre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Stord Venstre er lokallaget for Venstre i Stord kommune. Stord Venstre blei stifta 14. juni 1884. Ved lokalvalet i 2011 fekk Stord Venstre ei oppslutning på 5,34 % og to representantar i kommunestyret, ordførarkandidat Håkon Frode Særsten og ungdomskandidat Geir Angeltveit.[1][2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Stordøens Venstreforening blei stifta 14. juni 1884 med Østen Eskeland som formann. Foreininga blei oppløyst 19. mars 1892 som følge av usemje mellom den radikale og den moderate fløyen i partiet Venstre. Som resultat av denne delinga blei Stordøens rene Venstreforening og Stords Moderat-Conservative Forening stifta.

Baard Haugland frå Stord Venstre blei statsråd i 1884 og er ofte blitt kalla den første bondestatsråd. Meir presist var han den første statsråden som ikkje hadde akademisk grad eller embete.[3]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Valresultat for Stord Kommune Stord kommunes nettsider, henta 13. september 2011.
  2. Stord Venstres liste Stord Venstres nettsider.
  3. Baard M Haugland Store Norske Leksikon, henta 29. august 2012

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]