Stord lufthamn, Sørstokken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Stord lufthamn, Sørstokken

Stord lufthamn, Sørstokken er ein kortbaneflyplass som ligg på vestsida av øya Stord. Flyplassen vert nytta av folk frå heile Sunnhordland, og er eigd av Stord kommune og Hordaland Fylkeskommune.

Rullebanen på Stord lufthamn er 1460 meter lang.

Frå Stord har det sidan flyplassen vart opna i 1985 gått fly til Oslo fleire gonger i veka. I periodar har det òg gått ruter til andre stader. På midten av 2000-talet hadde flyplassen ein stor auke i trafikken, først og fremst på grunn av trafikken som Aker Kværner Stord hadde med prosjekta Snøhvit og Ormen Lange. Desse turane gjekk med charterfly frå Atlantic Airways. Flya frå Atlantic er dei einaste jetflya som har vore i bruk på flyplassen. I 2006 gjekk det passasjerfly frå Stord til Oslo, Molde, Alta, Stavanger England og Færøyane. Etter ulukka i 2006 slutta Aker Kværner å senda fly via Stord. I dag går det ruter til Oslo og Gdansk. Flyplassen hadde i 2007 eit passasjertal på 26 373.

I 2002 fekk Stord lufthamn Stord kommune sin målpris.

Stord lufthamn er truga av økonomiske vanskar, etter at flyplassen mista charterturane for Aker Kværner Stord, og i tillegg fekk strengare krav frå luftfartsstyresmaktene. Luftfartstilsynet krev at flyplassen skal byggja ny brannstasjon og nytt kontrolltårn. Det har ikkje lukkast lokalpolitikarane og flyplassleiinga å få Stortinget til å løyva midlar til dette. Styret for lufthamna vedtok bygging av ny brannstasjon i desember 2007. Etter at Coast Air gjekk konkurs og innstilte drifta, er framtida for flyplassen enno meir uviss.

Den 12. oktober 1998 styrta eit fly ved Stord lufthamn. I flyet var det ni personar, alle omkom. Åtte år seinare, 10. oktober 2006 glei eit Atlantic Airways-fly av rullebanen ved landing og fire av dei 16 som var om bord omkom. Båe ulukkesflya frakta arbeidarar som skulle jobba for Aker Kværner Stord.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]