Stordalselva i Åfjord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein laks som fer opp Støvelfossen, med laksetrappa i bakgrunnen.

Stordalselva er eit vassdrag i Åfjord kommune i Trøndelag, frå Reinsjøen på grensa mot Verran kommune i Nord-Trøndelag. Det dannar Teksjøen og Stordalsvatnet (19 moh., 4,7 km2) og fell ut i Åfjorden ved tettstaden Å.

Stordalselva er kjent for å vera blant dei betre lakseelvane i Noreg. Ved nedre del av elva ligg Fredmoen, eit museum for laksefiske som frå starten av 1900-talet var feriestad for engelske sportsfiskarar. Under vandringa i vassdraget får laksen hjelp av fem laksetrapper. I laksetrappa ved Støvelfossen er det montert eit teljeapparat for å halde kontroll med oppgangen av fisk. I tillegg til laks er det mykje sjøaure i elva.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

«Stordalselva – vassdrag i Åfjord» i Store norske leksikon, snl.no.