Store Fatra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Store Fatra
fjell
none  Typisk terreng i Store Fatra
Typisk terreng i Store Fatra
Land Flag of Slovakia.svg Slovakia
Fjellkjede Fatra-Tatra-området
Høgd Ostredok  1 592 moh
Koordinatar 48°54′N 19°05′EKoordinatar: 48°54′N 19°05′E
Plassering
Plassering
Wikimedia Commons: Veľká Fatra

Store Fatra eller Veľká Fatra (slovakisk) er ei fjellkjede i Dei vestlege Karpatane i Slovakia. Fjellkjeda ligg i Fatra-Tatra-området, om lag langs byane Ružomberok, Harmanec, Turčianske Teplice og Martin. Turiecbekkenet og Vesle Fatra ligg i nordvest og Låge Tatra i aust. Fjella kan delast i sju delar: Šípska Fatra, Šiprúň, Lysec, Hôľna Fatra, Revúcke podolie, Zvolen og Bralná Fatra.

Det høgaste fjellet er Ostredok på 1592 moh. Andre toppar er Krížna på 1574 moh. og Ploská på 1532 moh., der hovudryggen deler seg i to. På den vestlege Turiecryggen ligg Borišov på 1509 moh. og på den austlege Liptovryggen ligg Rakytov på 1567 moh. I Bralná Fatra ligg Tlstá på 1373 moh. og Ostrá på 1247 moh. Zvolen-massivet (1402 moh.) knyt Store Fatra til Låge Tatra. Nokre av dei største skistadane i Slovakia, Skipark Ružomberok og Donovaly, ligg i fjella. Det er fleire andre turist- og skistader i fjella.

Typiske berg ved Bralná Fatra

Ein stor del av fjella består av bergartar frå mesozoikum. Det sentrale området og hovudryggen består av lause bergartar (skifer). Dei sørlege og sørvestlege områda består av fastar kalkstein og dolomitt med skrentar og stup. Mellom ryggane ligg stort sett kløft-liknande dalar. Dei viktigaste av desse er Gaderskádalen (Gaderská dolina) og Blatnickádalen (Blatnická dolina). Den lengste dalen er Ľubochňadalen (Ľubochnianska dolina) med ei lengd på 25 km. Mange karstformasjonar finst i området, og Harmanecgrotta er ein av dei best kjende grottene i landet.

Nesten 90 % av området er skogkledd med bøk- og granskog, og enkelte stader med granplantasjar og noko furu. Harmanecområdet er eit av dei rikaste barlind-områda i Europa. I dei høgareliggande områda finst mange beitemarker, der kyr beitar om sommaren.

Det meste av området er verna som ein del av Veľká Fatra verna landskapsområde sidan 1972, og eit mindre område har høyrt til Veľká Fatra nasjonalpark sidan 2002. Resten av det tidlegare verneområdet fungerer no som ein buffersone.

Ruinane av borgene Blatnický og Sklabinský ligg i området. Her finn ein òg den tradisjonelle arkitekturen i Vlkolínec (ein verdsarvstad) og kurstadane Ľubochňa og Turčianske Teplice.

Panorama av Veľká Fatra

Kjelder[endre | endre wikiteksten]