Store Kufjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Store Kufjorden (samisk Stuora Vuođđovuotna) er ein fjord på sørsida av øya Seiland i Alta kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 9,5 km nordover frå Rognsundet til Kufjordbotn i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Store Kufjordnes i vest og Altnes i aust. Ytst i fjorden på austsida ligg grenda Altnesdalen og litt lenger inn gardane Dagsvoll og Olanes. Frå her og innover er det ingen andre busetnader. Fv31 går langs den ytre delen av fjorden.

Fjorden er omgjeve av høge og bratte fjell som strekkjer seg 600-700 meter bratt opp begge sider av fjorden. Fjorden er 158 meter på det djupaste, like søraust for Store Kufjordneset.

Koordinatar: 70°20′58.517″N 23°3′25.967″E