Majavatnet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Store Majavatnet)
Hopp til navigering Hopp til søk
Majavatnet
innsjø
Majavatn.JPG
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Nordland
Kommune Grane
Høgd over havet 310 moh
Areal 15,99 km²
Middeldjupn 123[1] m
Kystlengd1 50,37 km
Koordinatar 65°10′17″N 13°18′21″EKoordinatar: 65°10′17″N 13°18′21″E
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Majavatnet (sørsamisk: Maajehjaevrie) er to vatn, Store Majavatnet og Litl-Majavatnet, som ligg i Grane kommune i Nordland fylke. Vatna ligg øvst i Svenningdals-/Vefsnavassdraget, og har tilsig frå Tomasvatnet i aust og Steinvatna i sørvest. Avløpet er mot nord via Flya, Litl-Majavatnet, Sefrivatnet, Kjerringvatnet og Store Svenningsvatnet til Svenningdalselva.

Det store Majavatnet er 16 km², Litl-Majavatnet (Ohtje Maajehjaevrie) er 3 km². Vasskiljet mot Namdalen og Namsen er like sør for Majavatnet, der det berre er 100 meter til første bekken som renn sørover. På austsida av innsjøen går både E 6 og Nordlandsbanen, med stasjon i tettstaden Majavatn.

Ved Majavatn-tragedien under andre verdskrigen i oktober 1942 fall 34 nordmenn, fleire vart arresterte, andre måtte forlate landet[2].

Majavatnet ligg i sørsamisk område, og sørsamisk språk har stått sterkt blant sørsamane som bur her.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]