Sandungen i Oslo

Koordinatar: 60°6′54″N 10°37′34″E / 60.11500°N 10.62611°E / 60.11500; 10.62611
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Store Sandungen)
Sandungen
innsjø
Sandungen sett frå Kjerkeberget
Land  Noreg
Fylke Oslo, Akershus
Kommunar Oslo, Lunner
Høgd over havet 390 moh.
Areal 3,98 km²
Kystlengd1 21,88 km
Koordinatar 60°6′54″N 10°37′34″E / 60.11500°N 10.62611°E / 60.11500; 10.62611
Kart
Sandungen i Oslo
60°06′58″N 10°37′16″E / 60.116°N 10.621°E / 60.116; 10.621
Wikimedia Commons: Sandungen
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Sandungen er eit vatn som ligg i Oslo og Lunner kommune i Akershus fylke. Innsjøen er delt av eit smalt sund med bru. Den vestre, og minste, delen vert kalla Vesle Sandungen mens den austlege og største, delen vert kalla Store Sandungen. Den nordlege utløparen av Store Sandungen vert kalla Sandungskalven og ligg i Lunner kommune. Vatna ligg nordvest for vatnet Hakkloa, nord for åsen Sandungskollen og sør for åsane Kyrkjeberget og Hadelandshøgda.

Plassen Sandungen, ved vestenden av Store Sandungen er den største i Nordmarka. Plassen vart truleg rydda av finnar på midten av 1600-talet. Bønder frå Ringerike setra på Sandungsbekkseteren. Brukarane av denne setra hadde kvern i Katnoselva på 1800-talet.

I 1887 vart Sandungsvannene demde opp.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Oslo å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.