Trastadalsvatna

Koordinatar: 61°17′22″N 6°52′51″E / 61.28944°N 6.88083°E / 61.28944; 6.88083
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Store Trastadalsvatnet)

61°17′22″N 6°52′51″E / 61.28944°N 6.88083°E / 61.28944; 6.88083 Trastadalsvatna er to vatn i Trastadalen, inst i Henjadalen, i Sogndal kommune i Vestland; Store Trastadalsvatnet og Vetla Trastadalsvatnet. Vatna gir vatn til elva Traståna, som renn ut i Henjaelvi. Leikanger Jakt- og Fiskelag disponerer den kommunale hytta ved Vetla Trastadalsvatnet, Trastadalshytta.

Store Trastadalsvatnet[endre | endre wikiteksten]

Store Trastadalsvatnet er det største vatnet i Leikanger kommune, om ein måler i magasinvolum. Fjærlandssetevatnet er om lag like stort, men langt frå like djupt. Store Trastadalsvatnet vart regulert med 4,5 meter på 1930-talet. Vatnet kan senkast 0,9 meter og hevast 3,6 meter. Reguleringa vart gjort for å sikre nok vatn til det kommunale kraftverket og vassverket. Demninga er no rekna som eit kulturminne og reguleringa er ikkje tyngre teknisk inngrep, då vatnet berre har vore delvis nedtappa tre gonger sidan 1985. Sognekraft har søkt om løyve til bygging av Leikanger kraftverk, med inntak blant anna i Traståna og aktiv regulering av Store Trastadalsvatnet.

Vetla Trastadalsvatnet[endre | endre wikiteksten]

Vetla Trastadalsvatnet er eit godt fiskevatn og Trastadalshytta ligg like ved vatnet.

INON-villmark i Systrondsfjella[endre | endre wikiteksten]

Ei stripe av INON-villmark (>5 km frå tyngre teknisk inngrep) kryssar skardet mellom Store og Vetla Trastadalsvatnet. Heile dalen ligg meir enn tre km frå tyngre teknisk inngrep.