Store Venjetinden

Koordinatar: 62°30′29.43″N 7°50′14.15″E / 62.5081750°N 7.8372639°E / 62.5081750; 7.8372639
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Store Venjetinden
fjell
Store Venjetinden sett frå Breitinden
Land  Noreg
Område Rauma (Møre og Romsdal)
Fjellkjede Romsdalsalpane
Høgd 1 852 moh.
Primærfaktor 710 m
Førstestiging 18. august 1881, nordaustryggen, William Cecil Slingsby og Johannes Vigdal
Koordinatar 62°30′29.43″N 7°50′14.15″E / 62.5081750°N 7.8372639°E / 62.5081750; 7.8372639
Kart
Store Venjetinden
62°30′27″N 7°50′22″E / 62.5075°N 7.8394444444444°E / 62.5075; 7.8394444444444
Wikimedia Commons: Store Venjetinden

Store Venjetinden eller Store Vengetind er den høgaste toppen i Vengetindmassivet, 1852 moh.. Fjellet ligg i Rauma kommune i Romsdal.

Venjetindan er det høgaste fjellmassivet i Romsdalen, og kan by på det mest alpine terrenget i området. Her finn ein òg noko av det fastaste fjellet i Romsdalen, og fjellet er derfor eit populært mål for fjellklatring. Oppstiging går frå Venjesdalen, med tilkomst via bomveg frå Isfjorden.

Store Venjetind vart første gong klatra 18. august 1881 av den britiske fjellklatraren William Cecil Slingsby og Johannes Vigdal, via nordaustsida. Året etter kom dansken Carl Hall og lokale fjellførarane Erik Norahagen og Mattias Soggemoen til topps. Dei tre klatra fjellet via Nordryggen, og etablerte det som no vert rekna som normalvegen til toppen. Store Vengetind kan by på fleire alternative ruter av ulik vanskegrad, mellom anna klassikarane «Vesteggen», gått av Erik Heen og Karl Oshaug i 1930, og «Drømmediederet», gått av Hans Christian Doseth og Børge Austigård i 1984.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Møre og Romsdal å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.