Store sjøar-senkinga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Store sjøar-senkinga (mongolsk Их нууруудын хотгор eller Ikh Nuuruudyn Khotgor) er ei stor halvtørr senking i Mongolia, som dekkjer delar av Uvs, Khovd, Zavkhan og Govi-Altai aimagane. Det dekkjer eit område på over 100 000 km² og har ei høgd som varierer mellom 750 og 2000 meter over havet. Ein liten del av senkinga heilt nord ligg i Russland.[1]

Senkinga har fått namn etter dei seks store mongolske innsjøane Uvs Nuur (saltsjø), Khar-Us Nuur (ferskvatn), Khyargas Nuur (salt), Khar Nuur (fersk), Airag Nuur (fersk) og Dörgön Nuur (salt), samt mange mindre innsjøar. Han inkluderer òg solontsjakar og store sandområde som dekkjer eit område på 14 000 km². Dei nordlege områda er dominert av tørre stepper og dei sørlege områda av halvørkenar og ørkenar. Store elvar som renn gjennom området er Khovd Gol, Zavkhan Gol og Tesiin Gol.[1]

Senkinga grensar til Altajfjella i vest, Khangaifjella i aust og Tannu-Ola-fjella i nord.[1]

Senkinga er eit stort ferskvassbasseng i Mongolia og inneheld viktige våtmarksområde i Sentral-Asia. Våtmarksområdene består av samanhengande, grunne innsjøar med store sivområde i ørkenane og på steppene. Våtmarksområda har mange utryddingstrua trekkfuglartar som skiestork (Platalea leucorodia), svartstork (Ciconia nigra), fiskeørn (Pandion haliaetus), havørn (Haliaeetus albicilla), svanegås (Cygnopsis cygnoides) og stripegås (Anser indicus). Berre nokre få individ av kvitpelikan (Pelecanus onocrotalus) er att ved dei store sjøane i Mongolia. Dei hekkar i nedslagsfelta til elvane og innsjøane som har mykje fisk og ein rik vegetasjon.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]