Storebø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Storebø
tettstad
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Austevoll
Areal 1,79 km²
Folketal 1 676  (2023)
Folketettleik 936 / km²
Postnummer 5392 STOREBØ
Innbyggjarnamn Storebøar
Preposisjon Storebø
Kart
Storebø
60°05′41″N 5°13′31″E / 60.094722222222°N 5.2252777777778°E / 60.094722222222; 5.2252777777778
Wikimedia Commons: Storebø

Storebø er administrasjonssenter og største bygda i Austevoll kommune i Vestland. Storebø hadde 1 658 innbyggjarar per 1. januar 2022.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Storebø har vore kommunesenteret i Austevoll sidan 1964. Før det vart kommunestyremøta haldne på Bakholmen, ein gamal gjestgivarstad like utanfor Storebø.

I 1891 vart Austevoll kyrkje, soknekyrkja i Austevoll, flytta frå garden Austevoll på Hundvåkøy til Storebø.

Storebø var ein del av Lysekloster-godset fram til kring 1870[2] Namnet Storebø er brukt frå rundt 1650-talet, før det vart namnet skrive Bø eller Bøe. Storebø er truleg teke i bruk for å skilje garden frå LitlabøStord som også høyrde til Lysekloster.

I begynnelsen av februar 2017 blei ein av Noregs største COOP Extra-butikker bygd på Storebø. Butikken har eit bruttoareal på 2000 kvadratmeter, salgsareal på 1350 kvadratmeter, frys og kjøl på 400 kvadratmeter og kontorer og sosiale rom på 150 kvadratmeter, prislappen på bygget kom på omtrent 30 millioner kroner. Før denne butikken kom var det ein gammal bensinstasjon som brant ned i 2007.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. [1] Befolkning og areal i tettsteder, 1. januar 2016
  2. Om Storebø Arkivert 2003-11-10 ved Wayback Machine. Lokalhistorie frå Austevoll, 12. februar 2008
Spire Denne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.