Storelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 60°10′06″N 10°15′49″E

Storelva startar der Ådalselva renn saman med Randselva, like nedanfor Hønefossen
Her startar Storelva

Storelva er ei elv i Drammensvassdraget. Elvestrekninga startar der Ådalselva (del av Begna) og Randselva renn saman, like nedanfor Hønefossen i Hønefoss, i Ringerike kommune.

Storelva renn ut i Tyrifjorden, via nordenden av Nordfjorden, mellom det internasjonalt viktige våtmarksområdet Averøya naturreservat (ramsarområde) i Ringerike og Onsakervika (som har ein stor campingplass og sandstrand med flotte høve for bading) på Røyse i Hole kommune.

Langs elvestrekninga mellom Hønefoss og Tyrifjorden finn ein òg dei internasjonalt viktige våtmarksområda Synneren naturreservat, Lamyra naturreservat og Juveren naturreservat, som alle er såkalla kroksjøar (meanderar) og er verna som ramsarområde.

Nord i Nordfjorden renn òg Sogna ut. Ved utløpet finn ein Karlsrudtangen naturreservat, nok eit internasjonalt viktig våtmarksområde som er freda som ramsarområde. Mellom Karlsrudtangen og Averøya ligg Røssholmstranden, ei stor sandstrand som er ein populær badestad sommarstid.

Båttrafikk på elva[endre | endre wikiteksten]

Storelva er no gjort framkommeleg for lystbåtar frå utløpet i Tyrifjorden og opp til Hønefossen, der det ved BilthuggertangenNordsiden vert bygd eit nytt bryggeanlegg - Glatved Brygge. Strekninga utgjer om lag 16 km og hele båtleia er merka. Brygga ligg i nær tilknyting til Riddergården og plassen der tidlegare Glatvedts Hotel låg. Dette området vert nytta til konsertar, teater og andre festlege arrangement om sommaren. Brygga ligg òg i gangavstand frå Hønefoss sentrum.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]