Storelva i Brekke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Storelva
elv
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Gulen
Nedslagsfelt 16,9 km²
Lengd 7,5 km
Middelvassføring 2,14 /s
Kjelde Små sideelvar
Munning Risnefjorden ved Brekke
Kart
Storelva i Brekke
61°01′03″N 5°27′37″E / 61.0175°N 5.46027778°E / 61.0175; 5.46027778

Storelva (òg kalla Brekkeelva) er ei elv i Gulen kommune i Vestland. Ho renn i nordvestleg retning og munnar ut i Risnefjorden ved Brekke. Elva har ei lengd på 7,5 km og eit nedbørfelt16,9 km².[1] Middelvassføringa ved munningen er 2,14 m³/s.[1]

Vassdraget består av mange små sideelvar som blir samla i Storelva. Den største sideelva er Olselva, som kjem inn frå sør ved Engeset. Dei einaste innsjøane av nokon storleik er Botnavatnet (455 moh) og Langvatnet, som begge ligg i elva sitt kjeldeområde heilt sørvest i nedbørfeltet. Elva byrjar frå Langvatnet, og etter samløpet med elva frå Botnevatnet fell ho bratt ned i Engesetdalen gjennom Reievegfossen. Elva er framleis stri også nedstraums frå fossen og ned til samløpet med Olselva, men frå Engeset blir dalbotnen flatare og herfrå til munningen i Risnefjorden ligg det busetnad og jordbruksområde på begge sider av elva.

Fv2 går langs sørsida av elva, mens Fv1 kryssar elva ved munningen. Det går òg ein kommunal veg langs nordsida av elva til eit stykke opp i Engesetdalen.

Elva er, som dei andre vassdraga i området, sterkt påverka av sur nedbør, noko som allereie på 1960-talet førte til minka fiskebestandar. Innhaldet av aluminium er noko høgt, men likevel innanfor grensa for drikkevatn. Innhaldet av andre metall er nokså lågt. Vassdraget er næringsfattig, men dei nedste delane er påverka av avrenning frå landbruket og av kloakk.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]