Store Skagastølstind

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Storen)
Gå til: navigering, søk
Store Skagastølstind
fjell
none  Storen sett frå Dyrehaugsryggen.
Storen sett frå Dyrehaugsryggen.
Land Flag of Norway.svg Noreg
Område Luster og Årdal
(Sogn og Fjordane)
Fjelltrakt Hurrungane, Jotunheimen
Høgd 2 405 moh
Primærfaktor 1 010 m
Førstestiging av 21. juli 1876 (William Cecil Slingsby)
Koordinatar 61°27′41″N 07°52′19″EKoordinatar: 61°27′41″N 07°52′19″E
Wikimedia Commons: Store Skagastølstind

Store Skagastølstind, eller berre Storen, er det tredje høgaste fjellet i Noreg og den sørlegaste toppen av Skagastølstindane. Storen er det einaste av Noreg sine tre høgaste fjell som krev klatring for å nå toppen den enklaste vegen.

Storen er ein del av den høgastliggande fjellryggen i Noreg, Styggedals- og Skagastølsryggen. Fjellområdet heiter Hurrungane og ligg sørvest i Jotunheimen. Det er eit av dei villaste fjellområda i Jotunheimen. Storen ligg på grensa mellom Luster og Årdal kommune i Sogn og Fjordane fylke. Toppunktet markerer kommunegrensa.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Storen ligg lett synleg frå den gamle ferdselsvegen over Sognefjellet og vart dermed tidleg kjent og skildra. I 1820-åra vart det gjeve ut fleire reiseskildringar frå områda rundt, der det utsjånaden til fjella vart skildra. Spekulasjonane gjekk òg om Storen kunne vere det høgaste fjellet i Noreg. Høgda vart målt frå nærliggande fjell i 1836 av Theodor Broch og av Harald Storm Wergeland i 1842, og det gjorde det klårt at Galdhøpiggen var høgare.

Storen hadde fram til byrjinga av 1870-åra ry som ubestigeleg, og det vart ikkje gjort forsøk på å nå toppen. I 1872 vart den engelske klatraren William Cecil Slingsby merksam på fjellet, under ei reise i Noreg. Han vendte tilbake både i 1874 og 1875 med mål om å prøve og klatre fjellet, men utan å få gjort seriøse forsøk på grunn av dårleg vêr.

I 1876 vendte Slingsby tilbake til Noreg, og hadde da fått med Emanuel Mohn. Knut Lykken frå Valdres vart engasjert som fjellførar, og etter ein særs vellykka tur gjennom Jotunheimen med mange førsteklartingar, starta dei frå Vormeli 21. juli, etter å ha vore dei første på toppen av Jervvasstind dagen før. Då dei etter ein strabasiøs tur gjennom Midtmaradalen og opp det som i dag vert kalla Slingsbybreen, var det berre Slingsby som heldt fram frå skardet mellom Storen og Vetle Skagastølstind, som no heiter Mohns skar. Fjellet var islagt og nordmennene var slitne og langt nær så erfarne som Slingsby på klatring under vanskelege tilhøve. Han lukkast med å nå toppen åleine og gjennomførte dermed den største klatreprestasjon i Noreg til då.

Etter denne bragda auka merksemda om Storen ytterlegare. Det var mange som følte at det stod om nasjonen si ære at ein nordmann gjentok bedrifta. Harald Pettersen var ein ung kunststudent som tok utfordringa og etter eit mislukka forsøk i 1877, gjennomførte han andreklatringa via Slingsby si rute i 1878.

Johannes Thomassen Heftye, son av Thomas Johannessen Heftye, hadde ført ein offentleg debatt med Slingsby om samanlikning av kor vanskeleg det var å klatre på Storen i forhald til Knutsholstinden, som Heftye hadde vore førstemann på i 1875. I 1880 ville han vise at Storen var enkel å klatre, og saman med Jens Klingenberg og Peder Melheim frå Årdal fann dei ved ein feil ein enklare veg til toppen. Heftye si rute har seinare vorte normalvegen ved klatring av Storen.

Òg seinare har Storen vore viktig innan norsk klatrehistorie. Førsteklatringa av sørveggen frå Slingsbybreen (som eigentleg vender mest mot aust) i 1927 av Ola H. Furuseth, Asbjørn Gunneng og Boye Schlytter opna ei lang og komplisert rute som vart ein milepåle i Noreg før Arne Næss innførte bolteklatringa om lag ti år seinare.

I seinare år har ruta opp vestveggen på Storen i 1976 av Ulf Geir Hansen og Hans Petter Fernander sett ein ny standard for klatring i Jotunheimen, med vedvarande vanskeleg klatring i høgfjellet.

Klatreruter på Storen[endre | endre wikiteksten]

Det finst fleire klatreruter og varianter av desse på Storen. Dei viktigaste er:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]