Storevika på Fitjar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Storevika
stad
Land  Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Fitjar
Gardnummer 52

Storevika eller Storavikjo er ein gard på vestsida av Fitjar kommune ut mot Stokksund i vest. Garden grensar til Helland i nord, Hovstad i aust og Tislavoll i sør.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Garden er ikkje gammal og var opphavleg husmannsplass under Helland. Garden er første gongen nemnt i skriftlege kjelder i 1645.

Storparten av Helland var adelsgods og hadde bygselretten til garden. Eigarane av denne parten eigde òg Storevika. Henrich Nitter eigde garden i 1661 og i 1668 var det Peder Nielsen Hjermann. Enkja hans, Bente Rafnsberg, selde i 1728 garden til brukaren Villum Knutson, og sidan den gong har brukarane vore sjølveigarar.

Den første brukaren på garden var ein Knut, som var brukar i 1649.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Gardsnamnet har gjennom tidene vorte skrive på forskjellige måtar, som Storuig, Store Wiig, Storeuigh, Storeviigen, Storeuig, Stoervig, Storewiig, Store Vigen, Storeviig.

Namnet vert i dag skrive Storevik, medan daglegnamnet er Storavikjo.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]