Storfolk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Trondheimskjøpmannen Thomas Angell var ein typisk storkar.

Storfolk var i eldre tid folk av høg stand eller rang. Embetsmenn, geistlege, godseigarar og andre med mykje pengar vart rekna som storfolk. I motsetnad til resten av Europa hadde ikkje Noreg adel, så skilnadane var mykje mindre enn i Sverige og Danmark.

Lokalt var det presten og lensmannen som var dei «gjævaste» og vart sett på som «storfolk». Vanleg folk av almugen hadde ofte otte for dei og køyrde or vegen når dei møtte dei. Men storbønder og handelsmenn med mykje pengar var òg høgt på strå. Ved kysten var det vereigarane som var storkarar og i byane var det embetsmennene, grosserarar og andre handelsmenn som skaut fram brystkassa. Fiskeoppkjøparane i Bergen til dømes vart sett på som storkarar av strilane.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]