Storfosna

Koordinatar: 63°40′00″N 09°24′03″E / 63.66667°N 9.40083°E / 63.66667; 9.40083
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Storfosna
Geografi
Stad Kråkvågfjorden
Koordinatar 63°40′00″N 09°24′03″E / 63.66667°N 9.40083°E / 63.66667; 9.40083

Areal 10,8 km²

Høgaste punkt Fosenfjellet (158 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Trøndelag

Demografi
Folketal 170
Folketettleik 16 /km²

Storfosna er ei øy i Ørland kommune i Trøndelag. Øya har om lag 170 innbyggjarar.

Herregarden Storfosen gods, som er den dominerande jordeigedomen, er kjend sidan 1300-talet.

I ei tid då sjøvegen var hovudvegen i Noreg, låg Storfosna sentralt til. Namnegranskarane meiner at ordet Fosen kjem av det gammalnorske folskn (skjulested), som viser til at Vågen var ein stad der skip kunne ligge i le for vêr og fiendar. Denne naturhamna er såleis truleg opphav til namnet Fosen. Litt lenger sør i skipsleia låg ein noko mindre hann av same type; kalla Lille-Fosen, som i 1742 skifta namn til Kristiansund. Den arkeologiske perioden Fosnakulturen er knytt til området rundt Kristiansund, ikkje til Storfosna.

Øya har eigen barneskule. Det er 12 daglege ferjeavgangar mellom Storfosna og Garten, som har bru til fastlandet. Sidan 2003 er det brusamband mellom Storfosna og Kråkvåg. Postopneriet blei oppretta i 1892, med godseigar Fredrik C. Hagen som postopner.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Jon Bakken, mfl. Posten 350 år, historisk utvikling i kommunane Ørland, Bjugn, Rissa. Trondheim, 1997.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]