Storfrytle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Storfrytle
Storfrytle
Storfrytle
Systematikk
Rike: Plante Plantae
Underrike: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Orden: Grasordenen Poales
Familie: Sivfamilien Juncaceae
Slekt: Frytle Luzula
Art: Storfrytle L. sylvatica
Vitskapleg namn
Luzula sylvatica

Storfrytle er ei plante i sevfamilien. Arten si utbreiing ligg innanfor Europa. Planta vert kring 50 cm høg og veks i store tuver med broddspisse blankt mørkgrøne blad med hår i kanten. Blada står grøne om vinteren. Rakt strå og stor greina kvast. Storfrytle har brune sylspisse blomsterblad og blank svartbrun kapsel. Panta blomstrar kring mai månad i lier utmed kysten. Ho veks i Noreg frå Aust-Agder til Helgeland og også i Lofoten, og er funnen opp til 700 m i Sogn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Dansk Wikipedia.
  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.