Storgata i Oslo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°54′52″N 10°45′11″E / 59.91444°N 10.75306°E / 59.91444; 10.75306

Storgata fotografert i 2008
Storgata med tukthuset til venstre, fotografert i 1937
Dovrehallen, huset med flaggstanga stikkande ut frå andre høgda, fotografert i byrjinga av 1900-talet. Inngangen til teatersalen var gjennom jarnporten.

Storgata i Oslo er ei gate i nordaustleg lei frå nordaustsida av Kirkeristen ikring Oslo domkyrkje og fram til Nybrua over Akerselva. Gata ligg i bydelane St. Hanshaugen og Grünerløkka, og er mellom dei aller eldste gatene i byen.

Gata låg i si tid heilt utanfor dei vollane som låg som vern ikring sjølve byen, og var då hovudvegen inn til byen over Vaterlands bru og gjennom noverande Brugata og forstadene inn til Store Voldport i byvollen. På 1700-talet vart Storgata og Brugata difor rekna som ei samanhengande gate med namnet Vaterlands Storgade. Storgata i den noverande traseen frå Brugata og i retning mot Nybrua eksisterte jamvel på 1700-talet fram til om lag dagens Hausmanns gate, men var då berre ein sideveg til løkkeigedomar som låg her. I samband med at Nybrua stod ferdig i 1827, vart Storgata lengd heilt fram hit for å gje nytt samband over Akerselva på denne staden.

Områda på strekninga fram til Brugata vart ein del av sjølve byen i 1784, og områda nordafor Brugata vart ein del av byen i 1839. Allereie før gata vart liggjande innanfor bygrensa, hadde ho vorte ei travel handels- og handverkargate. Især søre delen av gata er framleis prega av handelsnæringa.

Storgata 24 var i si tid kjend som Dovrehallen, som var namnet på ein restaurant i andre høgda ut mot gata, og eit teaterlokale i ein bygning i bakgarden, opna som revyteater med servering i 1900. Det Norske Studentersamfund, ein foreining for universitets- og høgskulestudentar i Oslo, hadde teatersalen som sitt møtelokale frå 1951 fram til studentsamfunnet i 1971 tok i bruk sitt eige, nybygde hus, Chateau Neuf, på Majorstua. I mesteparten av dei åra då studentsamfunnet hadde tilhald i Dovrehallen, var studentane jamt over sterkt samfunnsorienterte og politisk engasjerte, og i salen vart det jamleg halde føredrag med påfølgjande heftige debattar, ofte med kjende personar som innleiarar. Både føredraga og debattane kunne vekkje merksemd og ha påverknad langt ut over studentane sine eigne rekkjer. Det tradisjonsrike teaterlokalet har vorte fjerna og erstatta av eit butikklokale, men restauranten i andre høgda mot Storgata er framleis i drift under det gamle namnet.

Tugt- og Manufacturhuset låg i si tid ved Storgata 33, med hovudbygning mot Storgata bygd i 1737-1740. Det vart bygd som ein sosial tvangsarbeid-institusjon for arbeidsføre fattige, og med eiga avdeling for pleie av sinnsjuke, men som etter kvart vart ein fengeselsliknande straffe- og tvangsarbeidsinstitusjon, Tuktuhuset vart supplert med nye bygningar frå 1830 og utetter, og rive i 1938. Ikring eigedomen var det ein mur som ein kan sjå leivningar av i sørenden av Calmeyers gate.

Storgata 36, Prinds Christian August Minde, «De fattiges kvartal», er eit bygningskompleks med Mangelsgården som utgangspunkt. Mangelsgården vart bygd som eit herskapleg våningshus ved Fjerdingen i 1698, kjøpt i 1812 av stiftinga Prinds Christian August Minde som prinsen skipa for at huset skulle nyttast som friviljug arbeidsinstitusjon for arbeidssøkjande menn og kvinner, men som utvikla seg til å verte ein tvangsarbeidsinstitusjon.

I Storgata 53, med adresse òg til Hausmanns gate 14, på Ankertorget, låg gassverket i byen, etter at det frå 1845 ha lege på andre sida av gata, der det gamle hovudkontoret til gassverket framleis ligg. Dette var andre bygassverket i Norden, nest etter gassverket i Göteborg. Verket produserte gass av steinkol for distribusjon til verksemder og bustader gjennom eit røyrnett som vart greve ned i gatene. Dei fyrste gassleidningane vart lagt i Storgata, som fekk dei fyrste gassdrivne gatelyktene i 1848. Verket vart lagd ned i 1964 og erstatta med eit gassverk på Sjursøya som nytta lettbensin som råstoff, og som var i drift til 1978. Gassverket i Storgata vart rive, og blokker med studentbustader bygd på tomta.

Storgata har vore ei viktig gate for trikk heilt frå dei fyrste tidene trikk vart køyrd i byen, og er det framleis.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Storgata i Oslo