Storglaciären

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Storglaciären
isbre
Storglaciaren accumulation.jpg
Den sørlege akkumleringssonen til Storglaciären
Område Kiruna kommun i Sverige
Type Dalbre
Areal 3,1 km²
Lengd 3,5 km
Tjukn Snitt: 93 m
Maksimum: 255[1] m
Status I tilbaketrekking sidan 1910[1]
Wikimedia Commons: Storglaciären

Storglaciären er ein isbre (svensk: glaciär) i Tarfaladalen på austsida av Kebnekaise i Lappland i Sverige.

Isbreen vart først dokumentert av geologen Fredrik Svenonius og vart fotografert av han alt i 1886. Storglaciären kom til å bli hovudsakleg studieobjekt for Tarfala forskningsstation då han vart grunnlagt på 1940-talet og måleseriane av Storglaciärens massebalanse, som starta i 1946, er den lengste i verda. [2] Den langvarige forskinga som er driven på isbreen gjer at han i dag tilhøyrer dei mest kartlagde breane i verda.

Storglaciären er ca 3,5 km lang og har eit areal på 3,1 km². Han strekkjer seg frå kring 1700 meters høgd ned til kring 1150 meter over havet. I snitt er isen 100 meter tjukk og på det meste 250 meter. Breen rykte kraftig fram på 1800-talet og nådde ein den maksimale utbreiinga si kring 1910 då han atter vart fotografert av Svenonius. Deretter har fronten trekt seg tilbake om lag 500 meter til dagens posisjon.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Holmlund, Per (15 January 2007). «Tarfala in numbers». Department of Physical Geography and Quaternary Geology. Arkivert frå originalen den 21 March 2012. Henta 21 March 2012. 
  2. «Tarfala forskningsstation - Storglaciären». Institutionen för naturgeografi och kvartärgeologi, Stockholms universitet. 28 august 2007. Henta 31. mars 2012.  Sjekk datoverdiar i |dato= (hjelp)
  3. Holmlund, Per och Jansson, Peter (2002). Glaciologi. ISBN 91-974541-0-9.