Storhamar Idrettslag
Utsjånad
| Storhamar Idrettslag | |||
| Skipa | 20. mars 1935 | ||
|---|---|---|---|
| Heimebane | CC Amfi, OBOS Arena, Prestrudbana | ||
| Land | Noreg | ||
| By | Storhamar | ||
| Stad | Hamar kommune | ||
Storhamar Idrettslag er eit idrettslag heimehøyrande i Hamar. Laget vart skipa 20. mars 1935 som Storhamar Arbeideridrettslag (Storhamar AIL). Storhamar IL er aktivt med i fotball, handball, ishockey og kunstløp på skeiser. Storhamar-laga spelar i gule trøyer og blå bukser.
Idrettslaget er særleg kjent for sitt ishockeylag, og sitt handballag for kvinner. Ishockeylaget har pr 2024 vorte seriemeister åtte-8 gongar, fyrste gongen i 1994 og førebels siste gongen i 2024. Handballaget vart noregsmeister 2024 og ligg an til å verte seriemeister i 2025.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Storhamar Idrettslag» frå Wikipedia på bokmål, den 15. februar 2025.