Storjuktan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Storjuktan (sørsamisk Stuora Sjukta) er ein innsjø i Sorsele kommun i Lappland i Sverige, og den største innsjøen langs Juktån. Sjøen er nærare 30 km lang, og har eit overflateareal på 55 km². Han er regulert for vasskraftføremål, der vassflata varierer i høgd mellom 398 og 412 meter over havet. Heile innsjøen ligg innanfor Sorsele kommune.

Regulering[endre | endre wikiteksten]

I desember 1961 fekk Vattenfall konsesjon til å regulere Storjuktan. Anleggsarbeidet vart likevel starta i mars 1960. Mot slutten av 1961 vart oppdemminga starta, der Storjuktan og Fjosoken vart sameint i ein og same innsjø, med ei lengd på om lag 60 kilometer. Ovanfor Åbacka måtte det byggjast ny bru over Juktån. Reguleringshøgda til vassmagasinet vart på 14 meter, og volumet 575 millionar kubikkmeter.

Busetnadane Juktå, Juktnäs og Åbacka vart omtrent heilt lagt under vatn, og 34 familiar flytta frå området. Som erstatning planla Vattenfall oppføringa av 16 jordbrukseigedomar på Galgatmyran ved Rankbäcken, der familiane vart tilbode å flytte. Berre tre eigedomar vart teke i bruk, då dei fleste av dei råka ordna seg sjølv med erstatningane dei hadde fått utbetalt frå Vattenfall.[1]

Vatnet frå den regulerte Storjuktan vart opphavleg utnytta ved pumpekraftverket ved Juktans kraftstasjon, som produserte elektrisk energi då behovet var størst. Frå Storjuktan vart vatnet pumpa opp til Blaiksjön drygt 200 meter høgare opp. Etter å ha passert turbinane, vart vatnet leia anten over til Storuman i Ume älv, eller tilbake til Storjuktan. då straummarknaden vart avregulert, var ikkje dette lengre lønsamt, og Juktan vart bygd om til eit vanleg kraftverk. Eit nytt tilløpsrøyr vart sprengt frå Storjuktan, der vatnet renn gjennom turbinen og vidare ut i Storuman. Det nye anlegget stod klårt 1996. Dei gamle pumpefunksjonane kan likevel takast i bruk igjen dersom straummarknaden skulle bli regulert igjen. Den noverande årsproduksjon til Juktan er 90 GWh.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Nyström David: Sorsele: fornålder och nutid : socknens historia skildrad på uppdrag av Sorsele kommunalfullmäktige, kommunn, Sorsele 1972 (swe), s. 239–240. Libris 818719. 
  2. «Juktan i Umeälven». Henta 15. juni 2012.  Arkivert 2012-05-25 ved Archive.is