Storlire

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Storlire
Storlire utanfor North Carolina, USA Foto: Patrick Coin
Storlire utanfor North Carolina, USA
Foto: Patrick Coin
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Storlire
Utbreiinga av Storlire
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Aequornithes
Orden: Stormfuglar Procellariiformes
Familie: Stormfuglfamilien Procellariidae
Slekt: Ardenna
Art: Storlire A. gravis
Vitskapleg namn
Ardenna gravis

Storlire (Ardenna gravis) er ei lire i stormfuglfamilien, Procellariidae, som lever i Atlanteren. Storlira hekkar på øyar i Sør-Atlanteren og er ein trekkfugl som trekkjer nordover i den nordlege sommaren til havområda aust for Nord-Amerika.[1]

Storlire utanfor North Carolina, USA
Foto: Patrick Coin

Storlira er 43–51 cm i lengd med vengespenn på 105–122 cm. Ho er identifiserbar med mørk hette, markert kvit krage, mørk overside, og undersida er kvit bortsett frå ein skitten flekk på buken. Ho har òg mørke teikningar under vengene. Oversida av halen har eit kvitt band framføre det mørke endebandet. Nebbet er mørkt. Ho flyg på stive venger, som ei stor havlire.[1]

Populasjonen var estimert til minst 15 millionar individ i 2004 og er stabil.[2]

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Det meste av bestanden hekkar på øygruppa Tristan da Cunha og på Gough Island. I tillegg har få fuglar hekka på Falklandsøyane.[2] Overvintringsområdet er Nord-Atlanteren, så langt nord som utanfor kysten av Grønland.[3]

I norske farvatn[endre | endre wikiteksten]

Trekket sørover følgjer ei rute lengre aust og storlira blir observert utanfor Vest-Europa,[1] men berre sjeldan i Nordsjøen og øvrige nære norske farvatn. Dei siste godkjente observasjonane i Noreg var av eit individ i 1999 og eit i 2010.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Svensson, 1999
  2. 2,0 2,1 BirdLife International, 2012
  3. BirdLife International 2004 Utbreiing i Europa
  4. Rapportsystemet for fugler Observasjonar henta frå systemet 11. juni 2012

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]