Stormark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stormark
stad
Land  Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Fedje
Postnummer 5947 FEDJE
Preposisjon i Stormark
Gardnummer 172

Stormark er ei grend ved sørenden av Fedje. Stundom har staden òg vorte kalla Æskjæret etter eit lite skjer som ligg rett søraust for Fedje. Namnet vart opphavleg nytta om dei store torvmyrene som utgjer meste parten av Fedje.

Dei første busetnadene i Stormark dukka opp om lag 1885, truleg som følgje av torvdrifta i Stormark. Det vart då laga ei eiga hamn, slik at brukarane fekk lett tilgang til havet og fiskefelta. Her var avgrensa jordbrukstilhøve, så fisket var i stor grad levevegen for dei som budde her, kanskje i enno større grad enn på nordenden av Fedje. Ein del arbeidde òg i torvdrifta. Dei fleste av dei som busette seg her på denne tida kom ikkje frå nordenden av Fedje, men sørfrå Øygarden og vestsida av Radøy, noko som viser at det var sjøvegen som knytte folk saman på denne tida.

I starten var det Fedje Torvkompagni som eigde heile Stormark og i 1901 vart det seld til det nye Fedje Torvbruk AS for 20 000 kroner. Dette selskapet bygde større pakkhus og nye skjenegangar og togvogner for å frakte torva ned til hamna. Særleg under den første verdskrigen var torvdrifta stor, då etterspurnaden etter brensel i til dømes Bergen var stor. Torvbruket på Fedje fekk då stor omsetnad og var ei god ekstrainntekt for innbyggjarane.

Fleire av gardane nord på Fedje hadde sine eigne parsellar i torvmyrene i Stormark, og sidan talet på folk og bruk hadde auka, og torvopptaket hadde vorte intensivert, vart ein etter første verdskrigen redd for at beite- og torvressrursane skulle ta slutt. Dei ønskte derfor å sikre seg parsellane sine. Fedje Torvbruk meinte derimot at dei ikkje hadde eigedomsrett i området, berre bruksrett, og var imot ei slik utskifting. Men då etterspurnaden etter torv som brensel gjekk ned etter krigen var over, enda det med at Fedje Torvbruk selde torvmyrane i Stormark til alle 58 brukarane, både nord på Fedje og i sør, som hadde bruksrettar i utmarka. Salssummen var totalt 60 000 kroner og inkluderte alt utstyr, som skjenegangar, vogner og torvhus. Med dette tok den kommersielle torvdrifta slutt.

I 1922 vart det bygd skulehus i Stormark, og det var eigen skule her til 1960, då ein ny skule vart bygd på Svena.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Arvid Skogseth (1997). Fedje og folket: Gards- og ættesoge for Fedje. Fedje kommune.