Internasjonal fjernsjakkstormeister

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Stormeister i fjernsjakk)

Internasjonal fjernsjakkstormeister er ein sjakktittel som blir delt ut for framståande prestasjonar innan fjernsjakk.

Fjernsjakktitlar blir delt ut av Det internasjonale fjernsjakkforbundet (ICCF). Verdssjakkforbundet FIDE godkjenner desse fjernsjakktitlane.

Tildelinga av titlane baserer seg no på ICCF sitt ratingsystem for internasjonal fjernsjakk. Det blir for stormeistertittelen i fjernsjakk kravd ratingprestasjonar på meir enn 2600 i godkjende internasjonale fjernsjakkturneringar på minst 8 parti.

Kva som er ein ratingprestasjon på meir enn 2600 blir definert ut frå gjennomsnittleg rating på deltakarane i turneringa. Her er tabellar som viser kor mange poeng ein må ta alt etter kor mange deltakarar turneringa har, og kor sterk den gjennomsnittlege ratingen er.

For å bli fjernsjakkstormeister må ein gjere stormeister-normer i turneringar med til saman minst 24 parti. Ein kan også bli fjernsjakkstormeister direkte, ved å kome på ein av dei tre første plassane i ein verdsmeisterskap i fjernsjakk. Ein kan også bli fjernsjakkstormeister direkte ved å gjere beste prestasjon på første bord i ein fjernsjakkolympiade.

Det er vidare eit krav at minst 5 av dei 24 partia må vere spelt mot spelarar som allereie er fjernsjakkstormeister, eller har etablert rating på minst 2600. Opp til to fjernsjakkstormeistrar kan erstattast av 2 senior-IM for kvar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]