Stormfuglfamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Stormfuglfamilien
Vestindiapetrell Pterodroma hasitata Foto: Patrick Coin
Vestindiapetrell Pterodroma hasitata
Foto: Patrick Coin
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Aequornithes
Orden: Stormfuglar Procellariiformes
Familie: Stormfuglfamilien Procellariidae
Leach, 1820

Stormfuglfamilien (Procellariidae) er ei gruppe av sjøfugl som femnar om havhestar, «eigentlege» petrellar, kvalfuglar, lirer og dukkpetrellar. Saman med albatrossfamilien og stormsvalefamilien utgjer stormfuglfamilien ordenen stormfuglar, Procellariiformes.

Procellariidae er den mest talrike familien av ordenen stormfuglar, og held dei mest varierte artane. Fuglane i familien varierer i storleik frå kjempepetrellane som er nesten like store som albatrossane, til kvalfuglane, som er så små som dei største stormsvalene. Dei lever av fisk, blekksprut og krepsdyr, mange tar òg utkast frå fiskebåtar og daud fisk. Alle artar driv fangst over store avstandar og fleire foretar transekvatoriale migrasjonar. Dei dannar koloniar og er monogame. Alle artar legg eitt egg per hekkesesong. Rugeperioden og perioden fram til ungane er sjølvstendige er svært lang samanlikna med tilsvarande periode hos andre fuglefamiliar.

Somme artar av stormfuglfamilien har ein bestand på fleire millionar par medan andre artar har mindre enn 200 attlevande individ. Menneske har tradisjonelt utnytta fleire artar av havhestar og lirer som mat, til brennstoff og til agn, ein praksis som held fram på ein kontrollert måte i dag. Fleire artar er trua av introduserte artar som åtakar ungar og vaksne i hekkekoloniane og dei er òg trua av linefisket.

Det finst klassifisert nær 100 artar i 16 slekter.[1] I norske farvatn er det registrert sju artar frå denne familien, den mest vanlege er havhest, meir sjeldan grålire og havlire.[2]

Taksonomi og utvikling[endre | endre wikiteksten]

Mange taksonomiar har halde dukkpetrellar, Pelecanoides, utanfor familien Procellariidae. Eigenarten til dukkpetrellar har hatt brei stønad, men frå 2016 vart dukkpetrellane fletta inn i stormfuglfamilien i 'eBird/Clements Checklist'.[3]

I tradisjonell taksonomi er familien Procellariidae delt inn i fire ganske ulike grupper: havhestar, «eigentlege» petrellar, kvalfuglar, og lirer. Etter 2016 kom i tillegg dukkpetrellar som ei eigen gruppe.

  • Havhestar i ei utvida tyding femnar om dei to artane av Fulmarus, havhest og sørhavhest, dessutan kjempepetrellar, snøpetrell, antarktispetrell og flekkpetrell. Denne gruppa er har internt stort mangfald med artar som varierer i levemåtar og utsjånad, men dei er knytt saman morfologisk av eigenskapar ved hovudskallen, spesielt det lange, iaugefallande saltutsondringsrøret.
  • Dei fire dukkpetrellane er dei minste i familien med lengder på rundt 20 cm og vengespenn på 33 cm. Dei er kompakte fuglar med korte venger som er tilpassa bruk under vatn. Dei har ei karakteristisk surrande flukt og stuper rett ned i vatnet utan å setje seg på overflata. Dei blir sannsynlegvis verande heile året i sjøane nær hekkeplassane.
  • «Eigentlege» petrellar, på engelsk språk kalla 'gadfly petrels', dei som flyg «hulter til bulter» er det ca. 34 artar i slekta Pterodroma. Artane varierer frå små til mellomstore, 26-46 cm, har lange venger med kort nebb med krok i enden.
  • Kvalfuglar er seks artar av «eigentlege» kvalfuglar i slekta Pachyptila og ofte òg den monotypiske og nært slekta blåpetrell, Halobaena caerulea. Tre artar i gruppa har store nebb fylt med lamellar som dei nyttar til å filtrere plankton nett som bardekvalane gjer, men namnet kvalfugl stammar frå tilknytinga til kvalar, ikkje nebbfunksjonen. Dette er små stormfuglar, 25-30 cm, med gråblå, mønstra fjørdrakt, alle i Sørishavet.
  • Lirer er tilpassa fangst av byttedyr med hjelp av dukking i staden for å plukke føda på havoverflata som andre i familien. Ein art har vore registrert djupare enn 30 meter. Mange artar lirer er òg kjente for lange transekvatoriale trekk.
Lirer inkluderer om lag 20 artar i slekta Puffinus, sju i Ardenna og dei fire Calonectris-artane. Tradisjonelt òg dei fem store Procellaria-artane. Om desse tre slektene alle er kjente kollektivt som lirer, har Procellaria '–petrell' i artsnamnet.

Det finst nærare 100 nolevande artar av Procellariidae i 16 slekter. I tillegg kjenner ein tre eller fire artar som døydde ut etter år 1500. Oversyn av slekter og artar i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V12.1, 2022,[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[4]

Havhest er ein kraftig bygd stormfugl som flyg på stive venger
Foto: Erlend Bjørtvedt
Antarktispetrell ved Antarktishalvøya
Foto: Nigel Voaden
Alvekvalfugl aust for Tasmania
Foto: JJ Harrison
Bermudapetrell
Foto: Richard Crossley
Slekt Macronectes
  • Sørkjempepetrell, Macronectes giganteus, Southern Giant Petrel, (Gmelin, JF, 1789), (LC)
  • Nordkjempepetrell, Macronectes halli, Northern Giant Petrel, Mathews, 1912, (LC)
Slekt Fulmarus
  • Havhest, Fulmarus glacialis, Northern Fulmar, (Linnaeus, 1761), (LC)
  • Sørhavhest, Fulmarus glacialoides, Southern Fulmar, (Smith, A, 1840), (LC)
Slekt Thalassoica
  • Antarktispetrell, Thalassoica antarctica, Antarctic Petrel, (Gmelin, JF, 1789), (LC)
Slekt Daption
  • Flekkpetrell, Daption capense, Cape Petrel, (Linnaeus, 1758), (LC)
Slekt Pagodroma
  • Snøpetrell, Pagodroma nivea, Snow Petrel, (Forster, G, 1777), (LC)
Slekt Halobaena
  • Blåpetrell, Halobaena caerulea, Blue Petrel, (Gmelin, JF, 1789), (LC)
Slekt Pachyptila
  • Breinebbkvalfugl, Pachyptila vittata, Broad-billed Prion, (Forster, G, 1777), (LC)
  • Marionkvalfugl, Pachyptila salvini, Salvin's Prion, (Mathews, 1912), (LC)
  • Antarktiskvalfugl, Pachyptila desolata, Antarctic Prion, (Gmelin, JF, 1789), (LC)
  • Smalnebbkvalfugl, Pachyptila belcheri, Slender-billed Prion, (Mathews, 1912), (LC)
  • Alvekvalfugl, Pachyptila turtur, Fairy Prion, (Kuhl, 1820), (LC)
  • Tjukknebbkvalfugl, Pachyptila crassirostris, Fulmar Prion, (Mathews, 1912), (LC)
Slekt Aphrodroma
  • Sølvvengpetrell, Aphrodroma brevirostris, Kerguelen Petrel, (Lesson, R, 1831), (LC)
Slekt Pterodroma
er 34 artar av mellomstore til store petrellar som beitar på overflata av sjøen.
Slekt Pseudobulweria
  • Reunionpetrell, Pseudobulweria aterrima, Mascarene Petrel, (Bonaparte, 1857), (CR)
  • Brunhovudpetrell, Pseudobulweria rostrata, Tahiti Petrel, (Peale, 1849), (NT)
  • Melanesiapetrell, Pseudobulweria becki, Beck's Petrel, (Murphy, 1928), (CR)
  • Fijipetrell, Pseudobulweria macgillivrayi, Fiji Petrel, (Gray, GR, 1860), (CR)
Slekt Procellaria
  • Gråpetrell, Procellaria cinerea, Grey Petrel, Gmelin, JF, 1789, (NT)
  • Kvithakepetrell, Procellaria aequinoctialis, White-chinned Petrel, Linnaeus, 1758, (VU)
  • Brillepetrell, Procellaria conspicillata, Spectacled Petrel, Gould, 1844, (VU)
  • Fjellpetrell, Procellaria parkinsoni, Black Petrel, Gray, GR, 1862, (VU)
  • Westlandpetrell, Procellaria westlandica, Westland Petrel, Falla, 1946, (EN)
Slekt Calonectris
  • Kvitpannelire, Calonectris leucomelas, Streaked Shearwater, (Temminck, 1836), (NT)
  • Gulnebblire, Calonectris diomedea, Scopoli's Shearwater, (Scopoli, 1769), (LC)
  • Portugisarlire, Calonectris borealis, Cory's Shearwater, (Cory, 1881), (LC)
  • Kappverdelire, Calonectris edwardsii, Cape Verde Shearwater, (Oustalet, 1883), (NT)
Slekt Ardenna
  • Kilehalelire, Ardenna pacifica, Wedge-tailed Shearwater, (Gmelin, JF, 1789), (LC)
  • Grårygglire, Ardenna bulleri, Buller's Shearwater, (Salvin, 1888), (VU)
  • Grålire, Ardenna grisea, Sooty Shearwater, (Gmelin, JF, 1789), (NT)
  • Smalnebblire, Ardenna tenuirostris, Short-tailed Shearwater, (Temminck, 1836), (LC)
  • Chilelire, Ardenna creatopus, Pink-footed Shearwater, (Coues, 1864), (VU)
  • Lysbeinlire, Ardenna carneipes, Flesh-footed Shearwater, (Gould, 1844), (NT)
  • Storlire, Ardenna gravis, Great Shearwater, (O'Reilly, 1818), (LC)
Slekt Puffinus
er 21 artar små og mellomstore lirer inkludert typearten havlire, Puffinus puffinus.
Slekt Pelecanoides
  • Humboldtdukkpetrell, Pelecanoides garnotii, Peruvian Diving Petrel, (Lesson, R & Garnot, 1828), (NT)
  • Magellandukkpetrell, Pelecanoides magellani, Magellanic Diving Petrel, (Mathews, 1912), (LC)
  • Kortnebbdukkpetrell, Pelecanoides georgicus, South Georgia Diving Petrel, Murphy & Harper, 1916, (LC)
  • Smalnebbdukkpetrell, Pelecanoides urinatrix, Common Diving Petrel, (Gmelin, JF, 1789), (LC)
Slekt Bulweria
  • Spisshalepetrell, Bulweria bulwerii, Bulwer's Petrel, (Jardine & Selby, 1828), (LC)
  • Arabarpetrell, Bulweria fallax, Jouanin's Petrel, Jouanin, 1955, (NT)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Stormfuglfamilien

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 Gill F, D Donsker & P Rasmussen (Eds). 2022. IOC World Bird List (v12.1). doi : 10.14344/IOC.ML.12.1 Henta 6. mars 2022
  2. «Artsobservasjoner - rapportsystem for arter i Norge». Henta 6. mars 2022. 
  3. Schulenberg T.S.; M. J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2016), eBird/Clements Checklist v2016 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 23. august 2016 
  4. Syvertsen, P. O., Bergan, M., Hansen, O. B., Kvam, H., Ree, V. & Syvertsen, Ø. 2020. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening https://www.birdlife.no/fuglekunnskap/navn/