Stormy Weather

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«Stormy Weather» er ein song frå 1933 skriven av Harold Arlen og Ted Koehler. Ethel Waters song først songen på The Cotton Club i Harlem i 1933 og spelte han inn det året. Same året vart songen sungen inn i London av Elisabeth Welch og Frances Langford. I 1933 var første gongen heile besetninga ved Cotton Club drog ut på turné. Showet heitte opphavleg The Cotton Club Parade of 1933, men skifta sidan namn til Stormy Weather Revue. Songen vart då sungen av Adelaide Hall.[1]

Alt i september 1933 spelte gruppa Comedian Harmonists ut ein tysk versjon kalla «Ohne dich» med ein heilt annan tekst.[2] Songen har sidan blitt framført av ei rekkje andre artistar som Frank Sinatra, Judy Garland, Etta James, Ella Fitzgerald, Dinah Washington, Clodagh Rodgers, Reigning Sound og mest kjend av Lena Horne og Billie Holiday. Orkesterversjonen til Leo Reisman vart den største hitten (med Arlen sjølv på vokal), sjølv om versjonen til Ethel Waters òg selde godt. «Stormy Weather» vart framført av Horne i filmen med same namn i 1943 som ein del av eit stort show for soldatar i andre verdskrigen.[3]

Ethel Waters si innspeling av songen frå 1933 vart innlema i Grammy Hall of Fame i 2003, og Library of Congress tok med songen i nasjonalregisteret sitt over amerikanske innspelingar i 2004. I 2004 vart versjonen til Horne plassert på 30. plassen på lista AFI's 100 Years...100 Songs over dei beste songane frå amerikansk kino.

Innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Adelaide Hall with Cotton Club revue», article in The Afro-American, 23. september 1933, p. 18.
  2. «Detailed information på «Ohne Dich»». 45worlds.com. 
  3. Selections from the Katherine Dunham Collection. «Stormy Weather». Library of Congress. Henta 21. desember 2020. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 4,7 4,8 Gioia, Ted (2012). The Jazz Standards: A Guide to the Repertoire. New York City: Oxford University Press. s. 405–407. ISBN 978-0-19-993739-4. 
  5. «Ambrose & His Orchestra – Stormy Weather / Piccaninny». Discogs. Henta 15. november 2020. 
  6. «Ellington Titles». Depanorama.net. Henta 26. juli 2016. 
  7. Stratemann, Dr. Klaus (1992). Duke Ellington Day by Day and Film by Film. Copenhagen: JazzMedia ApS. s. 59–64. ISBN 87-88043-34-7. 
  8. «GRAMMY Hall Of Fame». Grammy.org. Arkivert frå originalen 19. februar 2011. Henta 26. juli 2016. 
  9. https://www.45worlds.com/78rpm/record/4046
  10. «Frequently Asked Questions». Marketplace.org. Henta 14. juli 2021. 
  11. «The London Sessions». AllMusic. Henta 13. februar 2018. 
  12. «Rufus Wainwright at Carnegie Hall: More Rainbows Than Stormy Weather». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 13. februar 2018. Henta 13. februar 2018. 
  13. «A Lot to Learn from 'Judy at Carnegie Hall'». Npr.org. Henta 13. februar 2018. 
  14. «Recording: Stormy Weather by Ringo Starr». Beatlesbible.com. Henta 15. juli 2015. 
  15. Whitburn, Joel (2004). Hot Dance/Disco: 1974–2003. Record Research. s. 281. 
  16. «Sylvia Brooks : Stormy Weather». AllMusic. Henta 15. august 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]