Storsaivis-sjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Storsaivis (lulesamisk Stuor Saivets) er ein innsjø i Lappland i Sverige, heilt sør i Gällivare kommun. Innsjøen ligg 280 meter over havet, og avstanden frå nordenden til sørenden er ca. 4,5 km.

Innsjøen er inndelt i ein større nordleg del, og ein mindre sørleg del, og er avdelt av ein odde, der ein finn tettstaden Storsaivis. Midt i innsjøen ligg øya Storholmen.

Storsaivis vert drenert gjennom ein liten bekk rett aust for Järpudden. Bekken går til nabovatnet i nord, Lillsaivis. Langs nordvestbreidda går Länsväg BD 813.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]