Storsil
Utsjånad
| Storsil | |
Storsil | |
| Status | |
| Status i verda: Status i Noreg: | |
| Systematikk | |
| Rike: | Dyr Animalia |
| Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
| Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
| Klasse: | Actinopteri |
| Orden: | Piggfinnefiskar Perciformes |
| Familie: | Silfamilien Ammodytidae |
| Slekt: | Hyperoplus |
| Art: | Storsil H. lanceolatus |
| Vitskapleg namn | |
| Hyperoplus lanceolatus | |
Storsil (Hyperoplus lanceolatus) eller blåsil er ein fiskeart i silfamilien. Han er den største silarten. Fisken kan bli opptil 40 centimeter lang, men meir vanleg storleik er på rundt 20 centimeter. Han lever i Nord-Atlanteren.
Storsilen likner ei større utgåve av småsil, med skjel som ligg i folder i huda, men munnen er ikkje framskytbar som hjå småsil. Han skil seg òg frå småsil ved at han har to tenner i ganetaket, og på at han har skjel over heile kroppen.
Storsil lever vanlegvis i strandsonen ned til 30 meters djupne der han lever av dyreplankton og fiskelarvar. Til skilnade frå mange andre silartar (småsil, havsil) gyt storsilen om sommaren (april–august). Maksimal levealder er 5 år.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Vøllestad, Asbjørn. «storsil». Store norske leksikon. Henta 9. juni 2022.