Storskrymten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Storskrymten
fjell
none
Land Flag of Norway.svg Noreg
Område Oppdal (Sør-Trøndelag);
Sunndal (Møre og Romsdal);
Lesja (Oppland)
Fjelltrakt Dovrefjell
Høgd 1 985 moh
Primærfaktor 610 m
Koordinatar 62°22′29.07″N 9°3′33.45″EKoordinatar: 62°22′29.07″N 9°3′33.45″E
Wikimedia Commons: Storskrymten

Storskrymten er eit fjell på 1 985 meter i Lesja, Sunndal og Oppdal kommunar. Grensa mellom tre fylke møtest her; Oppland, Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag. Fjellet er det høgaste i Sør-Trøndelag. Fjellet er det 206. høgaste i landet av fjella med primærfaktor på minst 50 meter.

Fjellet er namngjete i lokal folketru, og skal ha vore bustad for «skrymt», det vil seia troll og haugfolk. Viktige, gamle ferdselsvegar mellom Møre og Lesja kryssar over ved foten av Storskrymten.