Storsteinnes kapell
| Storsteinnes kapell | |||
| kyrkje | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Troms | ||
| Kommune | Balsfjord | ||
| Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
| Bispedøme | Nord-Hålogaland | ||
| Prosti | Indre Troms | ||
| Sokn | Balsfjord og Malangen | ||
| Fellesråd | Balsfjord | ||
| Arkitekt | Forsvarets distriktsingeniør | ||
| Material | Tre | ||
| Innvigd | 5. mai 1968 | ||
| Kyrkjegard | Ja | ||
| Sitjeplassar | 200 | ||
![]() Storsteinnes kapell 69°13′53″N 19°14′00″E / 69.2313°N 19.2334°E | |||
| Wikimedia Commons: Storsteinnes kapell | |||
Storsteinnes kapell er ei langkyrkje frå 1968 på Storsteinnes i Balsfjord kommune. Kyrkja er i tre og har 200 sitjeplassar. Ho vart vigsla av biskop Monrad Norderval 5. mai 1968.
Arbeidet med å byggje kyrkje på Storsteinnes byrja opprettinga av ei kapellforeining i 1965, og allereie to år seinare, i 1967, vart teikningane til bygget godkjende. Kapellet vart teikna av Forsvarets distriktsingeniør for Nord-Norge, som òg teikna Heggelia kapell i Målselv på same tid. Dette gjer at dei to bygga er bortimot identiske.
Altar, altarring, preikestol og døypefont vart laga av folk på yrkesskulen i Tromsø. Vigslinga fann stad om lag tre år etter at kapellforeininga vart stifta. Biskop Nordenval, som vigsla kapellet, sa i sin tale at det måtte «ha skjedd et under at det har gått så fort med å reise dette kapellet.»[1]
I 1998 fekk kapellet altartavle og blyglasvindauge laga av Ulf Dreyer.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Storsteinnes kapell» frå Wikipedia på bokmål, den 1. september 2019.
- Alf Henry Rasmussen (1993). «Storsteinnes kapell, Storsteinnes». Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 115. ISBN 82-75-27022-7.
- Ronny Trælvik og Lill-Karin Elvestad: Kirkene i Troms, bind II, Bok i Nord, Finnsnes, 2016. s. 200–205
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- «Storsteinnes kapell». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
- Storsteinnes kapell i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- Balsfjord og Malangen kyrkjelyd Arkivert 2019-07-25 ved Wayback Machine.
- Kyrkjer i Balsfjord kommune Arkivert 2019-07-25 ved Wayback Machine.
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Kirkene i Troms, s. 203
