Storsteinshola

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Storsteinshola er ei karstgrotte i Kjøpsvik i Narvik kommune i Nordland. Ho er 1500 meter lang og 30 meter djup. Grotta vart truleg danna i løpet av den siste millionen år og inneheld mykje sediment frå istider.

Norcemgrotta hengde ei tid saman med Storsteinshola, og her er det mellom anna funne restar etter isbjørn, Ursus maritimus, som er meir enn 70 000 år gamle. Det er òg funne restar etter mår, markmus og ulv, noko som tyder på at det var varmare klima i Nordland på denne tida.

Desse to grottene er ikkje varig verna og står i fare for å bli øydelagt ved vidare drift av kalkbrota på staden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lauritzen, Stein Erik. (2009, 15. februar). Storsteinshola. I Store norske leksikon. Henta 17. november 2013 frå http://snl.no/Storsteinshola.