Storstrategispel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Storstrategispel er strategispel som tek for seg strategi på øvste steg, og dreier seg ofte om kontroll av ein heil nasjon eller eit imperium sine ressursar.[1][2]

Storstrategi er oftast avgjort av det politiske styret i landet med råd frå stabssjefane og andre høgt rangerte innan det militære. Grunna store utstrekningar og talet på menneske som er involverte, gjeld oftast storstrategi heile folket, men detaljane om sjølve innsetjinga av strategien (som til dømes dei bakanforliggjande grunnane til ein militærallianse), blir ofte haldne skjult. Ein storstrategi kan vara i mange år, til og med mange generasjonar.

Eit klassisk døme på moderne storstrategi er avgjeringa frå dei allierte i andre verdskrigen om å konsentrere seg om Tyskland fyrst.

Døme på storstrategispel der militær taktikk er gjort svært abstrakt eller teken ut er brettspel som Risk og Diplomacy. Eit litt meir realistisk døme er Axis & Allies. Spel som Rise and Decline of the Third Reich, Empires in Arms og Empires of the Middle Ages er ekte krigsspel, i det at militære einingar er spesifikt representerte, og tek del i kampar som byggjer på dei militære eigenskapane deira. Hearts of Iron, Europa Universalis IV, Supreme Ruler Ultimate og Total War er døme på databaserte storstrategispel.[3]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Abner, William (2. februar 2017). Gamer's Tome of Ultimate Wisdom 2006: An Almanac of Pimps, Orcs, and Lightsabers (engelsk). Que. ISBN 9780789734655. 
  2. Zuckerman, David W. (1. januar 1977). The Guide to Simulations/games for Education and Training: Academic (engelsk). Didactic Systems. ISBN 9780894010002. 
  3. Abner, William (2006). Gamer's Tome of Ultimate Wisdom. Indianapolis: Que. s. 11. ISBN 0789734656.