Stortinget i 1815

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Det 1. ordentlege storting
Den gamle stortingssalen.png
Den gamle stortingssalen i katedralskolen

1814 1818
Val 29. desember 1814–15. evt. 26. juni[1]
Trådde saman 1. juli 1815
Opna 5. juli 1815 av statthaldar Hans Henrik von Essen
Oppløyst 6. juli 1816 av kronprins Karl Johan

President W. F. K. Christie

Representantar 85[2]

Liste over representantar

Det første ordentlege Storting trådde saman 1. juli 1815 og vart opna av statthaldar Hans Henrik von Essen 5. juli. Det blei oppløyst av kronprins Karl Johan 6. juli 1816.

Omframstortinget hausten 1814 hadde vedteke at det første ordentlege Storting skulle tre saman første kvardag i juli året etter. Regjeringa hadde deretter sendt ut ei kunngjering i namnet til kong Karl II 30. november med påbod om å arrangera nye val i henhold til grunnlova.

Vala vart haldne til forskjellig tid i dei ulike valkrinsane, i Akershus amt vart det til dømes halden val 29. desember 1814 og i bykrinsane Fredrikshald og Fredrikstad 15. juni. Fullmakta til utsendingen frå Kongsberg by vart underteikna 26. juni.

Wilhelm Frimann Koren Christie vart valt til stortingspresident og visepresidentar var Niels Aall, Lauritz Weidemann, Peder Olivarius Bugge, Lorents Lange og frå 5. desember Johan Andreas Budtz.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Fredrikshald og Fredrikstad hadde val 15. juni. Fullmakta til utsendinga frå Kongsberg vart underteikna 26. juni og Tallak Lindstøl skriv ikkje når valet vart avholdt.
  2. Stortingets sammensetning 1814-1903 frå Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste