Stortingets utvida utanriks- og konstitusjonskomité

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Stortingets utvida utanriks- og konstitusjonskomité er ein tidlegare fast komité på Stortinget.

Den bestod av medlemmane i den vanlege Stortingets utanriks- og konstitusjonskomité, med tillegg av Stortingspresidenten og visepresidenten (viss dei ikkje allereie var medlemmer av komiteen), vidare leiaren i forsvarskomiteen og inntil 11 medlemmar valde av Stortinget etter forslag frå valkomiteen.

Viktige utanrikspolitiske, tryggingspolitiske og handelspolitiske saker blei drøfta med regjeringa i Stortingets utvida utanriks- og konstitusjonskomité.

Medan utanriks- og konstitusjonskomiteen kunne beskrivast som ein saksførebuande komité, kunne den utvida utanriks- og konstitusjonskomiten beskrivast som ein konsulterande komité. Her møtte gjerne utanriksministeren, men også forsvars- eller justisministeren for å gjere greie for aktuelle saker. Ved denne konsultasjonsrolla mellom regjering og storting skilde den utvida utanriks- og konstitusjonskomiten seg frå arbeidsmåten i dei andre stortingskomiteane. Den var ein politisk tung komité med mange medlemmer, og møta hadde ein formell hierarkisk struktur.[1]

Forhandlingane i den utvideda komiteen var hemmelege, viss ikkje anna blei bestemt. Det same gjaldt for fellesmøte denne komiteen hadde med andre komitear. Leiaren kunne bestemme at også innkallinga til møtet skulle vere hemmeleg. [1] Regelen er at møtereferata ikkje skal offentleggerast før etter 30 år. Hemmeleghaldet har fleire gongar blitt kritisert som unødvendig og udemokratisk.[2]

Den utvida utanriks- og konstitusjonskomiteen vart i 1993 vidareført i Stortingets utvida utanrikskomité, og deretter i 2009 i den noverande Stortingets utvida utanriks- og forsvarskomité, som har ei tilsvarande rolle og arbeidsmåte.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Stortinget.no, om Utanriks- og konstitusjonskomiteen

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Anders C. Sjaastad: "Stortinget som utenrikspolitisk organ" i Fonn, Birgitte Kjos, Iver B. Neumann og Ole Jacob Sending: Norsk Utenrikspolitisk Praksis. Aktører og prosesser. Cappelen: Oslo, 2006
  2. Anders C. Sjaastad: "Stortinget som utenrikspolitisk organ" i Fonn, Birgitte Kjos, Iver B. Neumann og Ole Jacob Sending: Norsk Utenrikspolitisk Praksis. Aktører og prosesser. Cappelen: Oslo, 2006